Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for desember, 2023

Vi fann 91 artiklar i dette arkivet.


Julekonsert med P17 – heilt topp

Jon Olav Ørsal Sundag 10. desember 2023

Vi har gledd oss lenge på årets julekonsert med P17-koret – og dei skuffa ikkje!  Det var skikkeleg levert frå Bernt Bøe og P17koret med forsterkningar.  Turid Røen Kroknes som Altsolist, Tove Elin Strand med fløyte og veteranen Tor Strand på orgel og piano.  Vi som satt i salen fekk vel ein time med tettpakka program – noko velkjent frå tidlegare år og noko nytt frå i år. 


Inviterer til julebuffet på Todalshytta

Jon Olav Ørsal Sundag 10. desember 2023

Det er nå høysesong for servering av julemat, og vi på Todalshytta har servert til både julebord og andre selskap.  Kommende lørdag har vi «åpent hus» for alle som har lyst til å smake julematen vår, og inviterer både enkeltvis, familier og andre som har lyst til å komme til Todalshytta:


Julekalenderen – Luke 10 er opna

Jon Olav Ørsal Sundag 10. desember 2023

Da er ny trekning unnagjort, og vi er klare med fordeling av gevinstane, som er tre i talet denne dagen og.  For å gå rett på sak så gikk første gevinsten til Nordset på Flathauan – Jorunn og Nils Ove var eigarar av ein dreid trebolle!


Kåring månadens bilete november

Guro Redalen Laurdag 9. desember 2023

På tide å kåre det beste bilete i november av dei innsendte bidraga til Dagens bilete. Så ta deg pause fra takvask, dompapmating og sylterulling for å avgi stemme.


Du hugsar vel småfuglane

Jon Olav Ørsal Laurdag 9. desember 2023

Lisa og Natascha frå Start 4H minner oss om småfuglane som ventar på ein godbit i kulda.  Start 4H har lang tradisjon med sal av kornband no i førjulstida.  I dag er dei på plass utafor butikken på Matkroken Todalen med sine kornband.  Her har dei laga ein flott stand med både levande lys, julebrød […]


Julekalenderen – luke nr 9 er opna og klar

Jon Olav Ørsal Laurdag 9. desember 2023

Tre gevinster under luka også laurdag 9. desember  – den første gevinsten er eit sett med hekla gryteklutar som vart vunne av Eplehagen, som er hos Wenche og Gudmund Kvendset. 


Forsamlingshuset: – Klart for opning med eit nødskrik!

Jon Olav Ørsal Fredag 8. desember 2023

Det er sagt at når ein ny butikk opnar og kundane kjem inn hovudinngangen, så fêr handtverkarane ut bakdøra.  Slik blir det også i Nordvik Forsamlingshus, for sjøl om basaren vart utsett til søndag 10. desember så treng dei tida for å få ting i ordning  til basaren.  Men rørleggaren lova at dei skal være ferdig i tide, og da er det berre ein rundtvask som star att – så er det klart for å opne døra for basargjestane.


Ny dag og ny trekning – luke 8 er opna

Jon Olav Ørsal Fredag 8. desember 2023

Vi er som vanleg klare med ny trekning i var Julekalender – no er vi komne til luke 8, og bak den luka var det faktisk 3 nye gevinstar som er klare for nye eigarar.  Den første gevinsten var ei brodert pute, og den vart trekt ut på Maren Ansnes, og og hamna altså i Halagrenda. 


Julgeita på kvennalur

Dordi Jorunn Halle Torsdag 7. desember 2023

Første onsdagen i desember inviterte Indre Nordmøre senioruniversitet til julemøte der temaet var mimring om jul slik godt vaksne opplevde ho som barn. Eit aktuelt tema – kinosalen i kulturhuset var nesten fullsett da Einar Oterholm gav ordet til Tor Erik Jenstad.


Julekonsertar i Todalen og Åsskard på søndag

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 7. desember 2023

Det er Koret Prosjekt 17 som er hovudaktør, når Todalen Sokneråd inviterer til «vi syng jula inn» i Todalen kyrkje søndag 10. desember klokka 15:00. Same julekonsert blir også arrangert same dag i Åsskard kyrkje klokka 19:30.


Julekalenderen – luke nummer 7

Jon Olav Ørsal Torsdag 7. desember 2023

Da er treking nr 7 gjort unna, og attafor den luka var det faktisk 3 gevinstar som no får sin eigar.  Den første gevinster hamna på Kvennset, nærare bestemt hos Anders Halset.  Det er 4 hekla juleenglar som er hekla i kvar si farge.  


Det lyser i Øyagrenda

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 6. desember 2023

I kveld var det Øyagrenda sin tur til å tenne julegrana si. Julegrana står ved Øyabrua på Øyagrendsida, men pyntegjengen har også lyssett postkassehuset sitt med, slik at det også lyser opp no i adventstida.