Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ny dag og ny trekning – luke 8 er opna

Jon Olav Ørsal Fredag 8. desember 2023

Vi er som vanleg klare med ny trekning i var Julekalender – no er vi komne til luke 8, og bak den luka var det faktisk 3 nye gevinstar som er klare for nye eigarar.  Den første gevinsten var ei brodert pute, og den vart trekt ut på Maren Ansnes, og og hamna altså i Halagrenda. 

Norunn Holten blir eigarmann av eit par heimestrikka tøfler. Foto TIL trim

Den andre gevinsten, som er eit par tøfler,  hamna like godt i Bæverfjorden hos Norunn Holten. I det langvarige kaldvêret blir det sikkert godt å få eit par med varme tøfler.  

1 brett egg (30 stk) hamnar på Elvestad hos Reidar Østvik. Foto TIL trim

Gevinst nr 3 som er eit brett med egg hamna på Todalsøra.  Reidar Østvik vart den heldige vinnaren, og det finns mange gode eggrettar så her er det berre å hente ut oppskrifter frå nettet og sette i gang.   

Felles for alle vinnarane er at det blir kontakta av Todalen IL, trimgruppa med tanke på utlevering av gevinstane.  

Først publisert: 8. desember 2023, 06:00 - Sist oppdatert: 7. desember 2023, 21:39