Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Du hugsar vel småfuglane

Jon Olav Ørsal Laurdag 9. desember 2023

Lisa og Natascha frå Start 4H minner oss om småfuglane som ventar på ein godbit i kulda.  Start 4H har lang tradisjon med sal av kornband no i førjulstida.  I dag er dei på plass utafor butikken på Matkroken Todalen med sine kornband.  Her har dei laga ein flott stand med både levande lys, julebrød og twist.  Ein stor og flott plakat informerer om kva som går føre seg, og blar du opp ein hundrelapp, så får du med deg eit kornband heim. 

Publisert: 9. desember 2023, 12:04