Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Julekonsertar i Todalen og Åsskard på søndag

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 7. desember 2023

Det er Koret Prosjekt 17 som er hovudaktør, når Todalen Sokneråd inviterer til «vi syng jula inn» i Todalen kyrkje søndag 10. desember klokka 15:00. Same julekonsert blir også arrangert same dag i Åsskard kyrkje klokka 19:30.

To blad Strand (men ikkje i slekt) sørger for tonefølge – Tor på orgel og piano og Tove Elin på fløyte. Solist i Julemotett av Alnæs og ein Bach-arie (frå Juleoratoriet) er Turid Røen Kroknes.

Korsitane Ann Magret Botten og Einar Husby inviterer til julesong! Foto: Bernt G. Bøe

Mange kjende allsongar står på programmet. Med satsar for overstemmer, instrument og forsamling kan altså alle bli med i eit stort kor. – Og forsamlinga i Todalen syng alltid flott, seier korleiar og «gammelorganist» Bernt Bøe til todalen.no.

Turid Røen Kroknes er både korist og solist. Foto: Bernt G. Bøe

Koret P17 byr på mykje kjent julestoff. – Vi har mange perler som vi veit folk er glade i, seier korleiaren. – Men vi strekkjer oss og tek nokre utfordringar også, seier han.

Tor Strand trakterer tangentar og pedalar. Foto: Bernt G. Bøe

Blant desse er Mendelssohns vakre, men krevande «Ave Maria» og det minst like utfordrande «Hallelujakoret» frå Handels Messias.Tanken til P17 er at også små bygder bør få slik musikk heim til seg.

– Så får resten av programmet vera hemmeleg. Men det består i alle fall av ekte julestoff! lovar kor og dirigent.

Tove Elin Strand lagar juletonar på fløyte. Foto: Bernt G. Bøe

Same julekonsert blir også arrangert same dag i Åsskard kyrkje klokka 19:30!

Publisert: 7. desember 2023, 11:49