Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Julgeita på kvennalur

Dordi Jorunn Halle Torsdag 7. desember 2023

Første onsdagen i desember inviterte Indre Nordmøre senioruniversitet til julemøte der temaet var mimring om jul slik godt vaksne opplevde ho som barn. Eit aktuelt tema – kinosalen i kulturhuset var nesten fullsett da Einar Oterholm gav ordet til Tor Erik Jenstad.

Julgeita var altså ikkje på Kvennatur; men ho låg på kvennalur. Julgeita var eit mytisk vesen som søkte inn mot husa tre veker før jul. Ho var både i fjøs, stall, låve og i skott. Julgeita såg etter at alt var i orden før julehøgtida, og det var viktig at ho var fornøgd, elles kunne ho gjere ugagn. Sjølvsagt vart ungane skremde med julgeita, viss dei ikkje gjorde som dei vaksne sa, kunne julgeita ta dei.

Underteikna voks opp med tradisjonen om at julgeita kom frå Romådalen. Siste døgnet før jul budde ho i skottet, og ho kom inn i stua med siste vedabøra julekvelden. Første juledag returnerte ho til Romådalen.

Men kva er så ein kvennalur? Det er åsen som understeinen kvilte på i kvennhuset, eit ukjent ord for mange av oss.

Ordet jul

I engelsktalande land er ordet for jul «Christmas», og i mange språk har dei ord for jul som er knytta til Kristus og det heilage barnet. Men i Norge og Norden gjekk aldri det fellesnordiske og urgamle ordet jul/jol ut av bruk.

I Norden er det lange tradisjonar for å feire jul midtvinters – dei mørkaste dagane i året. Kan hende feira dei at grøde og husdyr var i hus, og at slaktinga var unnagjort, og det var lite lys til utearbeid. Da passa det godt med fest og glede innomhus.

Ølbrygging var ein viktig del av førebuingane til jul, og eit fast uttrykk var «å drikke jul». I riktig gamle dagar var det mjød. Seinare var det ølbrygging med korn og gjær –  da måtte det «haukast» til gjæra for å få i gang gjæringsprossen! Det var det enkelte i salen som hadde vore med på!! Heime på Bakkå bryggja vi tomteøl, og det var vanleg i mange heimar. Men hauking var det ikkje!

Jula har vore feira i slutten av desember eller i starten av januar, her er det ulike tradisjonar i forskjellige land. Julefeiringa slik eg hugsar det, starta etter fjøstid 24. desember. Om morgonen første juledag var det tid for å ønske kvarandre «God jul!» eller «Te løkk me jul’n!» Første juledag skulle alle vere heime kvar for seg, så først andre juledag var det tid for juletrefest og andre arrangement!

No er det så mykje juleståk før jul – alt frå november, at mange er lei av jul før romjula startar!

Tradisjonelt vart juleferinga avslutta med at «Tjuandedag Knut jaga jula ut!» – altså 13. januar.

Kåseriet til Tor Erik Jenstad var både humoristisk og interessant, og han fekk mange innspel frå publikum.

Til slutt var det servering av bakels og rosinbollar, og rundt borda i hallen i kulturhuset vart det mimring og gode samtalar. Eit svært så vellykka arrangement i regi av Indre Nordmøre senioruniversitet som har mykje spennande på programmet utover våren.


Publisert: 7. desember 2023, 15:25