Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forsamlingshuset: – Klart for opning med eit nødskrik!

Jon Olav Ørsal Fredag 8. desember 2023

Det er sagt at når ein ny butikk opnar og kundane kjem inn hovudinngangen, så fêr handtverkarane ut bakdøra.  Slik blir det også i Nordvik Forsamlingshus, for sjøl om basaren vart utsett til søndag 10. desember så treng dei tida for å få ting i ordning  til basaren.  Men rørleggaren lova at dei skal være ferdig i tide, og da er det berre ein rundtvask som star att – så er det klart for å opne døra for basargjestane.

Litt rydding og rundtvask – så er det klart for basar. Foto Jon Olav Ørsal

Det er i allfall gjort ein stor innsats og gjort eis kikkeleg oppgradering i forsamlingshuset.  Tidsnøda kjem av at det vart litt meir som måtte gjerast – mellom anna nytt strauminntak.  Men no blir det bra, konkluderer Palmer Vikan som har koordinert innkjøp av utstyr og dugnadsinnsatsen.  Søndag er det altså basar, og da blir det nok mange som vil innom å sjå korleis kjøkkenet vart.  

Loddsal på Matkroken – Fay Mossing og Tonje kristin Vikan kunne rapportere om bra salg og mange flotte gevisntar. Foto Jon Olav Ørsal

På Matkroken i Todalen satt det to damer med basarbok og Vipps, og dei kan rapportere om godt loddsal og mange fine gevinstar på basaren.  Har du ikkje høve til å kome på basaren kan du kjøpe lodd via vipps nr 98505 – husk berre på å skrive at det er basar og namnet på loddkjøparen, så er du med på trekninga.

Publisert: 8. desember 2023, 15:05