Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Basar og nonsmat

Dordi Jorunn Halle Laurdag 2. desember 2023

Todalen sanitetsforening tek ein ny vri på basaren sin i år: Sanitetsforeninga inviterer til adventsstund i Sanitetshsuet tysdag 5. desember kl. 17:00.

Her blir det servering av nonsmat, og i Litjrommet blir det basarbord med gevinstar som ved ein vanleg sanitetsbasar. 

Det blir førehandssalg av lodd på Matkroken/L. Hals eftf. laurdag 2. desember.

Lodd kan også kjøpast ved bruk av VIPPS – nummeret er 534955 Basar Todalen Sanitetsforening.

Kvart lodd kostar 50 kroner, og da er du med på alle trekningane.

Sanitetsforeninga er glade for gevinstar, og dei kan leverast til ei av «sanitetsdamene» ved høve eller i Sanitetshuset før klokka 16:30 den 5. desember.

Vel møtt!

Det blir mange fine gevinstar på basaren. Alt for ei veke sidan var det kome inn mange gevinstar:

Her kan du lese plakaten:

 

 

 

Publisert: 2. desember 2023, 00:30