Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for oktober, 2023

Vi fann 77 artiklar i dette arkivet.


Svorka med varmepumpe-kampanje ut oktober

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 10. oktober 2023

Vinteren står unekteleg for døra, og Svorka melder i ei pressemelding at dei no kan tilby nye varmepumpemodellar, som vil vere eit godt og økonomisk suplement til oppvarminga. 


Surnadal kino – variert filmtilbod i haustferien

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 10. oktober 2023

Denne veka er det som kjent haustferie, og på Surnadal kino har dei sett opp eit variert kinotilbod, som også inkluderer filmframsyningar på dagtid. Og her er det noko både for store og små!


Lokal handledag på laurdag – vi må ha fokus på bygda!

Jon Olav Ørsal Tysdag 10. oktober 2023

Matkroken Todalen – eller L. Hals Eftf. AS som er det juridiske namnet, blir 111 år søndag 29. Oktober. Kan det bli den siste bursdagen som butikken kan feire.  31. juli neste år har Terje Nordvik bestemt seg for å bli pensjonist på heiltid – alderen og utslitne kneledd krev sitt, og etter råd frå fastlegen vil han no «ta livet med ro» som han seier.


Kløverturar i oktober

Dordi Jorunn Halle Måndag 9. oktober 2023

Etter kløverturar utanom Kammen i september, vart det rolege kløverturar i Toåa tursti dei to første måndagane i oktober.


Todalen skule lagt ut for sal

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 9. oktober 2023

Surnadal kommune har no lagt ut Todalen skule for sal. Eldste delen av skulebygningane er bygd i 1920, gymsalen påbygd i 1982 og eit lite påbygg frå 1997. Prisen er sett til ei krone. Det er driftsplan og framtidig bruk av bygningsmassen som vil vere avgjerande for kven som får tilslaget.   


Asfaltering igang – ferdig i løpet av dagen

Jon Olav Ørsal Måndag 9. oktober 2023

Måndag morgon starta Veidekke asfaltarbeidet rundt omkring i bygda.  Asfaltarbeidet var planlagt før helga, men mykje nedbør og snøbyger i lufta gjorde at arbeidet måtte utsetjast til måndag.  Måndag føremiddag starta arbeidet med asfaltering frå Hjellabrekka til Øyabrua –  vidare kjem det til å gå slag i slag til alt er ferdig.  Det er eit asfaltlag frå Veidekke som utfører arbeidet og transport av asfalten skjer frå Kristiansund i regi av Surnadal Transport. 


Trim på Frivilligsentralen på Skei

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 9. oktober 2023

Trimgruppa i Surnadal Pensjonistlag startar torsdag 12. oktober klokka 11:00 oppatt med innetrim. Innetrimmen vil denne sesongen foregå på Frivilligsentralen på Skei!


«Bunaden vår» – interessant temakveld i Surnadal kulturhus

Dordi Jorunn Halle Måndag 9. oktober 2023

Laurdag 7. oktober inviterte husflidslaga i Rindal og Surnadal til programkveld i Surnadal kulturhus med tema «Bunaden vår. Nordmørsbunaden, Farstadvesten og Rindalsbunaden». Unni Irmelin Kvam, Grethe Farstad Hjertaker og Ole Kristian Gundersen kåserte om bunad og bunadbruk. Dei formidla stor kunnskap og stort engasjement om temaet.


Kløvertur i Toåa tursti

Dordi Jorunn Halle Sundag 8. oktober 2023

Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 9. oktober. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!


Vellukka og triveleg epledag i arboretet

Jon Olav Ørsal Sundag 8. oktober 2023

Søndag var det epledag i Svinviks arboret, med både innhausting og foredling på dagsorden.  Sjølv om gradstokken berre såvidt var på plussida og snøgrensa låg på 4-500 meter, var det mange som kom for å få med seg denne opplevinga.  Sissel, Katharina og Ola jobba på fleire frontar, og dermed var det både frukt, eplejuice og gode bakverk som resultat.  


Innhaldsrik og godt besøkt gudsteneste

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 8. oktober 2023

I dag hadde Todalen Sokneråd invitert til gudsteneste i Todalen kyrkje, og det vart ei innhaldsrik gudsteneste med rundt åtti frammøtte. Det var barnedåp, presentasjon av neste års konfirmantar og presentasjon av 50-årskonfirmantjubilantane, altså dei som vart konfirmert våren 1973. 


Avsluttar fjelltursesongen på Hammerstuene

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 6. oktober 2023

Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag skal feire at fjelltursesongen no er over. Dette gjer dei med å invitere alle som har vore med på minst ein av Fjellgruppa sine turar til middag på Hammerstuene onsdag 1.november klokka 19:00.