Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

«Bunaden vår» – interessant temakveld i Surnadal kulturhus

Dordi Jorunn Halle Måndag 9. oktober 2023

Laurdag 7. oktober inviterte husflidslaga i Rindal og Surnadal til programkveld i Surnadal kulturhus med tema «Bunaden vår. Nordmørsbunaden, Farstadvesten og Rindalsbunaden». Unni Irmelin Kvam, Grethe Farstad Hjertaker og Ole Kristian Gundersen kåserte om bunad og bunadbruk. Dei formidla stor kunnskap og stort engasjement om temaet.

Mary Moen, leiar i Surnadal Husflidslag, syner fram ei uskjemtskjorte. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Nordmørsbunader – staselege plagg. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Unni Irmelin Kvam er rindaling, men bur i Oslobøgda. Ho er historikar, og ho har podkasten Bunadspodden. Ho har skrive fleire bøker om bunader mellom anna «Min bunad. Rindalsvarianten av Nordmøre kvinnebunad.» Unni er ei ildsjel når det gjeld å samle, ta vare på og formidle kunnskap om bunad og bunadbruk!

Grethe Farstad Hjertaker er niese til Inga Farstad, «mor» til Farstadvesten. Inga fekk i 1948 eit stipend på 400 kroner for å reise til Oslo og lære seg damaskvev, slik at ho kunne begynne og veve vestty til Nordmørsbunaden. Det vart travle dagar i Oslo, kan hende meir arbeid med å veve gardiner til «Kongeskipet Norge» enn å tilegne seg ny og nødvendig kunnskap til bunadvestvevnad. Inga vov i 50 år. Ho hadde lange dagar i vevstua si, og det gjekk med tre heile dagar til ein vest! Den største utfordringa for Inga var å få til brocheringa i vestststoffet. Inga fekk Fylkeskulturprisen i 1980 «for vedvarande, framifrå kulturinnsats.»

Vevbok. Inga Farstad. Oslo, mars 1948. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Utgangspunktet for Unni Kvam er at bunad er eit stasplagg og bruka i anledningar som det er knytta stor symbolverdi til: Bryllaup, dåp og konfirmasjon.

Kvinnebunaden frå Nordmøre er systematisk rekonstruert på grunnlag av bevarte gamle folkedraktplagg. Bondekvinnelaga på Nordmøre var aktivt med i innsamlingsarbeidet. Bunaden er ein identitetsmarkør og fortel mellom anna kvar du kjem frå. 70 % av befolkninga i Noreg har bunad!

Mannsbunaden slik han vart laga i 1922. Denne er sydd av Trygve Ørsal som voks opp på Myrvang i Todalen. Trygve budde i Straumsneset. No er det mange som ønsker å skaffe seg «brunbunaden», men han er ikkje i produksjon. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Den brune mannsbunaden kom til etter initiativ og engasjement mellom nordmørsstudentar i Oslo rundt 1920. Studentane trong bunad når dei skulle danse folkedans. Bunaden er «teikna etter gamle bilete og i samråd med nordmøringar». Etter initiativ frå Nordmøre ungdomslag vart det sett i gang arbeid for å få ein mannsbunad som er rekonstruert etter draktskikken på Nordmøre frå tidleg 1800-tal. Husfliden i Surnadal laga modellbunaden som vart lansert i 1988.

Skinnbukse i kalveskinn. Buksa er sydd av Ole Kristian Gundersen. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Ole Kristian Gundersen er bunadstilverkar. Han har vevstue og syrom i heimen sin på Fei. Han vev Farstadvesten, syr både mannsbunader og kvinnebunader. Han har også lært kunsten å sy skinnbukse til mannsbunaden. I tillegg til å vidareføre tradisjon, kunnskap og kultur med bunadsarbeidet sitt, spelar han fele og underheldt publikum i Storstuå med folketonar frå Nordmøre.

I Galleri Finstuå var det utstilling av bunader og bunadstilbehør. Husflidslaga skal ha all ære for eit interessant, velorganisert og triveleg arrangement!

No blir det arbeid med å få bruken av bunad i Noreg godkjent til verdsarvlista; det vil gi bunadsbruken vår global oppmerksomheit!

Rindalsbunaden. Beltet er brodert. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Stortørkle til Rindalsbunaden. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Pikhuv, forkle, veske og brodert belte til Nordmørsbunaden.Foto: Dordi Jorunn Halle.

Fortent diplom til Inga Farstad. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Til slutt eit minne frå da dronning Sonja og kong Harald gjesta Surnadal. Olina Halle, kledd i bunad, helsar på dronninga. Dronninga er sjølv bunadsbrukar. Foto: Dordi Jorunn Halle.

 

 

Publisert: 9. oktober 2023, 00:16