Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vellukka og triveleg epledag i arboretet

Jon Olav Ørsal Sundag 8. oktober 2023

Søndag var det epledag i Svinviks arboret, med både innhausting og foredling på dagsorden.  Sjølv om gradstokken berre såvidt var på plussida og snøgrensa låg på 4-500 meter, var det mange som kom for å få med seg denne opplevinga.  Sissel, Katharina og Ola jobba på fleire frontar, og dermed var det både frukt, eplejuice og gode bakverk som resultat.  

På kjøkkenet var det laga kjempegode sukkerbullar med vaniljekrem og eplefyll – oppskrifta hadde Katharina med frå Sverige. Foto Sissel H. Storslett

Den nye fruktpressa vart sett på skikkeleg prøve, og i løpet av dagen var det produsert rundt 70 liter eplejuice av ypperste kvalitet.  Den vart kjempegod og søt, uten tilsetjing av sukker.  Når ein pressar eplene slik så blir det rundt ein halvliter juice av ein kilo eple.  På kjøkkenet var det produksjon av både eplekaker og svenske sukkerboller med vaniljekrem og eplefyll – spesialoppskrift som Katharina har teke med over grensa frå Sverige. 

Svinvik arboret er nasjonal genbank for frukttre. Kvar tallik representer kvar sin sort ute i frukthagen i arboretet. Foto Sissel H. Storslett

Vi har hatt ein kjempetriveleg dag med godt besøk i arboretet, og vi kjem heilt sikkert til å lage eit liknande arrangement neste år, så sant det blir epler på trærne, seier Sissel Halset Storslett.  

Og sjølvsag eplekaker av beste slag til kaffen etterpå. Foto Sissel H. Storslett

70 liter med eplejuice – det blir ca 1/2 liter juice av 1 kg epler. Søt og god utan tilsett sukker. Foto Sissel H. Storslett.

 

Publisert: 8. oktober 2023, 17:21