Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for oktober, 2023

Vi fann 77 artiklar i dette arkivet.


Ope bakeriutsal hos Lia gard på fredag

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 2. oktober 2023

Fredag 6. oktober, mellom klokka 12:00 – 17:00,  inviterer Lia gard til ope bakeriutsal. Denne gongen er du med i trekkinga av eit gåvekort på 350,- kroner, om du legg inn ei bestilling i kommentarfeltet på Lia gard si Facebookside innan onsdag 4. oktober. Vinneren blir trekt torsdag etter klokka 12:00.. Har du problem med å rekke innom i opningstida, er det berre å ta kontakt med Lia gard for å avtale henting av varer. 


Epledag i Svinviks arboret

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 1. oktober 2023

Søndag 8. oktober klokka 12:00 – 16:00 inviterer Svinviks arboret til haustferiestart med epledag i arboretet. Da blir det eplepressing, eplekake og open hausthage.


Dammen Opp: Perset turen opp lia

Jon Olav Ørsal Sundag 1. oktober 2023

Det var full trøkk heilt frå starten ved Forsamlingshuset og opp lia til inntaksdammen for Nordvik Kraft i føremiddag da Trollheimen Fjellsportklubb aarrangerte årets «Dammen Opp». Trur jammen alle deltakarane fekk betre tid i år enn dei hadde på fjorårets utgåve av Dammen Opp.  Det var jamnt i toppen – Håvard Gjeldnes og Isak Drøpping kjempa om å kome først til toppen, og den kampen var ikkje avgjort før dei to var i mål.  Håvard på bestetid 14,54 og Isak vart 1 sekund etter med tida 14,55.  



Kløvertur i Toåa tursti

Dordi Jorunn Halle Sundag 1. oktober 2023

Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 2. oktober.  Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!