Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for oktober, 2023

Vi fann 77 artiklar i dette arkivet.


Driftsproblem på Kvanne – Rykkjem

Jon Olav Ørsal Sundag 22. oktober 2023

I morgontimane er det driftsproblem på ferjestrekninga Kvanne – Rykkjem.  Meldinga frå Fjord1 kl 10.16 lyder kort og godt:  «Rute 1061 Kvanne – Rykkjem:  Grunna driftsproblem vert sambandet innstilt inntil vidare».  Frå kl 12:00 er det igjen normal drift i sambandet!


Kløvertur i Kvennsetliene

Dordi Jorunn Halle Sundag 22. oktober 2023

Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 23. oktober. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!


Svorka-konkurranse utsett for svindelforsøk

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 20. oktober 2023

Dette skriv Svorka i dag på ei pressemelding vi har fått. Denne veka opplevde Svorka å få Facebook-kontoen sin misbrukt i eit svindelforsøk. I samband med ein konkurranse dei har hatt på Facebook-sida si den siste tida, så har fleire av deltakarane i konkurransen opplevd at nokon, som gav seg ut for å vere Svorka, har teke kontakt via kommentarfeltet, og ba om at konkurransedeltakarane klikka på ei lenke og registrerte seg, for å ikkje bli kansellert som vinnar.    


Bygg Reis Deg 2023 – mange på byggvaremesse

Jon Olav Ørsal Fredag 20. oktober 2023

Denne veka pågår Noregs største byggvaremesse – Bygg Reis Deg 2023 i Nova Spektrum på Lillestrøm.  Her er nærast heile byggebransjen samla, med 380 utstillarar og 30-40.000 besøkande i løpet av messa som pågår i perioden 18. – 21. oktober.  Messa er opa for både profesjonelle og private, og Talgø er sjølvsagt ein av utstillarane.


Nordvik har fått eigen hjartestartar

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 18. oktober 2023

Etter eit styremøte i Nordvik grendalag i vår, vart det vedteke å kjøpe inn ein hjartestartar til Nordvik forsamlingshus. Med dei nærmaste hjartestartarane lokalisert på Kvanne og i Todalen, ville grendalaget få tak i ein hjartestartar som var lokalisert i nærområdet sitt, for på den måten å redusere tidsbruken ved akutt hjartestans, der kvart minutt er heilt avgjerande. Å få ein eigen hjertestarter på Nordvik, var difor eit sterkt ønske frå grendalaget.


Prima vare på Surnadal kino

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 17. oktober 2023

Det blir vist mykje kvalitetsfilm på Surnadal kino dei neste par vekene. Her er det berre å «meske» seg med godbitar på kinoen! Det blir vist filmar både på dagtid og ettermiddag/kveld dei komande vekene. Her kan vi også sjå filmen BUNADSGERILJAEN, filmen om kvinnene som kjempa(r) for fødetilbodet, mellom anna i Kristiansund. 


Inviterer til «songkveld»

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 16. oktober 2023

Todalen sanitetsforening og «Inn på tunet»-damene Helga og Solveig inviterer til «songkveld» i eldhuset i Oppistua på Øye måndag 23. oktober klokka 19:00. Så er du glad i å synge, og meiner vi skulle songe meir saman? Da er Oppistua på Øye rette staden å ta turen på måndag!


Etter skuletid – eit gratis tilbod for ungdommar

Jon Olav Ørsal Måndag 16. oktober 2023

Surnadal frivilligsentral og Surnadal Ungdomsklubb startar i dag eit gratistilbod for ungdomar mellom 10 og 16 år.  Måndagar til og med torsdagar i tidsrommet 15:00 til 18:00 vil det bli mogleg å få seg  ein matbit i ventetida mellom  skuleslutt og til fritidsaktivitetar startar. 


Ope bakeriutsal hos Lia gard fredag

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 16. oktober 2023

Fredag 20. oktober, mellom klokka 12:00 – 17:00,  inviterer Lia gard til ope bakeriutsal. Da er trauet mellom anna fylt opp med ferske skulebollar, og sjølvsagt mykje anna godt! 


Stangvik Historielag inviterer til omvising i Ulvund kraftstasjon

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 15. oktober 2023

Stangvik Historielag inviterer til omvising i Ulvund kraftstasjon i Ålvundfjorden onsdag 18. oktober klokka18:00. I tillegg til omvising blir det litt om historia til kraftverket, som i si tid vart bygd av Kristiansund Elektrisitetsverk, og stod ferdig til drift i 1939.


Kaffeslaberas og minikonsert med Katie

Jon Olav Ørsal Sundag 15. oktober 2023

Det hagla og regna som verst i dag, var det godt å kome i hus i det vedfyrte samlingslokalet i Gammelskulen.  I dag var det invitert til «kaffeslaberas» igjen, men det vart da heller litt av ein internasjonal cafè, med besøk både frå USA og frå Spania.  Katie Manasse-Catinella som er heimehøyrande i New Orleans hadde med gitaren, og som profesjonell songar/musiker bidro ho med ein svinganede minikonsert i den gamle skulstua.


Kløvertur til Tjønnmyrane

Dordi Jorunn Halle Sundag 15. oktober 2023

Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 16. oktober . Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!