Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Svorka-konkurranse utsett for svindelforsøk

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 20. oktober 2023

Dette skriv Svorka i dag på ei pressemelding vi har fått. Denne veka opplevde Svorka å få Facebook-kontoen sin misbrukt i eit svindelforsøk. I samband med ein konkurranse dei har hatt på Facebook-sida si den siste tida, så har fleire av deltakarane i konkurransen opplevd at nokon, som gav seg ut for å vere Svorka, har teke kontakt via kommentarfeltet, og ba om at konkurransedeltakarane klikka på ei lenke og registrerte seg, for å ikkje bli kansellert som vinnar.    

Svindlarane hadde oppretta ein konto, som såg omtrent likeins ut som Svorka sin eigen konto, både med same bilde og namn.  

Konsernleiar for sal og marked i Svorka, Linn Hamnes, ønsker å rette ein stor takk til dei årvakne konkurransedeltakarane som tok kontakt og varsla om svindelforsøket.

Vi er takknemlige for at så mange tok kontakt og varslet oss så raskt som de gjorde, seier Hamnes

Pressemelding – Svorka-konkurranse utsatt for svindelforsøk

Publisert: 20. oktober 2023, 11:04