Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kaffeslaberas og minikonsert med Katie

Jon Olav Ørsal Sundag 15. oktober 2023

Det hagla og regna som verst i dag, var det godt å kome i hus i det vedfyrte samlingslokalet i Gammelskulen.  I dag var det invitert til «kaffeslaberas» igjen, men det vart da heller litt av ein internasjonal café, med besøk både frå USA og frå Spania.  Katie Manasse-Catinella som er heimehøyrande i New Orleans hadde med gitaren, og som profesjonell songar/musiker bidro ho med ein svinganede minikonsert i den gamle skulstua.

Katie hausta applaus for konsertinnslaget i Skulstua – ho var utvekslingsstudent i 82, og livnærer seg no som songar i New Orleans, saman med ektemannen som er musiker. Foto Jon Olav Ørsal

Katie var på tidleg åttital utvekslingsstudent, og budde hos familien Kvendset på Myrmo, og gikk på skule i Surnadal. Ho budde hos familien Kvendset frå oktober 1982 til juni/juli 1983, og lærte faktisk å snakke godt norsk medan ho var her.  Ho har vore på besøk eit par gong etter det, seinast i 2005.  Den gongen Budde ho i Napa i Calefornia, men no bur ho i New Orleans og livnærer seg som songar saman med ektemannen som er musikar.  Ho fortel at ho enno har venner frå skuletida både i Surnadal og i Todalen.

Katie budde på Myrmo, saman med familien Kvendset – no er ho her på besøk for tredje gong etter året som utvekslingsstudent. Foto Jon Olav Ørsal

Katie svinga seg rundt med gitaren i skulstua og ho hausta massiv applaus da ho nærast tok publikum med storm.  – På repertoaret hadde ho mellom anna frå Louis Armstrongs repertoar.  

No er ho på norgesbesøk saman med eit par venninner, og brukar både tog, buss og fly på turen rundt i Noreg.  Sjølvsagt måtte ho ein tur innom Todalen for å besøke Line og Jean, og dermed vart det 2-3 dager på Myrmo før ho dreg vidare til Trondheim alt på måndag, der ho skal treffe att venninnene som i melomtida har vore ein tur til Tromsø.  Ei av venninnene har forresten ei venninne som har aner frå Todalen – nærare bestemt frå Evjebakkan.  Så verden er ikkje stor!

Meir internasjonalt – familien Ortega/Redalen: Frå venstre Anna Maria og Josef Louis frå Spania, Åse frå Todalen og Eduard og Torill som til dagleg bur i Trondheim. Foto Jon Olav Ørsal

Men det blir ikkje internasjonal café så enkelt – frå Spania bidrog familien Ortega – Anna Maria Esparsa og Josef Louis Ortega som er svigers til Torill Redalen og dermed foreldra til Eduard Ortega – og barnebarna Ingrid og Ingvar.  Dei tykte det var triveleg med intimkonsert i Skulstua, der det var god varme tross i at det snøa heil ned til Tårnet denne dagen.

Og frå ungdomsrommet – her serverer Ragna Kvendset kakao til heile gjengen. Foto Jon Olav Ørsal

Frå New Orleans – her bur katie i dag! Foto Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 15. oktober 2023, 16:00