Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Prima vare på Surnadal kino

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 17. oktober 2023

Det blir vist mykje kvalitetsfilm på Surnadal kino dei neste par vekene. Her er det berre å «meske» seg med godbitar på kinoen! Det blir vist filmar både på dagtid og ettermiddag/kveld dei komande vekene. Her kan vi også sjå filmen BUNADSGERILJAEN, filmen om kvinnene som kjempa(r) for fødetilbodet, mellom anna i Kristiansund. 

SULIS 1907

SULIS 1907. Foto: SF Studios

SULIS 1907 er ein film om dei nærast slaveliknande tilstandane i kopargruvene nordpå, går tysdag 17. og torsdag 19. oktober klokka 13:00, samt onsdag 18. oktober klokka 20:00.

PAW PATROL

PAW PATROL. Foto: Paramout Pictures

«Superfilmen» PAW PATROL går i kveld, tysdag 17. og torsdag 19. oktober klokka 18:00.

TROLLS TROMMER SAMMEN

TROLLS TROMMER SAMMEN. Foto: DreamWorks Animation

TROLLS TROMMER SAMMEN har fått dei to neste onsdagskveldane, og blir vist onsdag 18. og 25. oktober klokka 18:00. 

KILLERS OF THE FLOWER MOON

KILLERS OF STHE MOON. Foto: Apple, 2003

KILLERS OF THE MOON blir vist fredag 20. oktober klokka 19:00 og søndag 22. oktober klokka 18:00. Den snart 81 år gamle regissørlegenda Martin Scorsese kvilar absolutt ikkje på laurbæra han har fått for å lage filmar som «Taxi Driver», «Raging Bull» og «Goodfellas». Og denne gongen har han med seg begge sine «faste» hovudrolleinnehavarar; Robert de Niro og Leonardo DiCaprio. KILLERS OF THE FLOWER MOON er ein skikkeleg heilaftan på kino som tek for seg mystiske uoppklara mord på mange frå Osage-stammen på 1920-talet. Basert på sann historie og kritikkane: overveldande gode!

BUNADSGERILJAEN

BUNADSGERILJAEN. Foto: Fenris Film

 Dokumentaren om BUNADSGERILJAEN blir vist tysdag 24. oktober klokka 13:00 og 19:30, og onsdag 25. oktober klokka klokka 20:00. BUNADSGERILJAEN  kjempa(r) for fødetilbodet i Kristiansund og fleire andre stader i landet, og filmen vil nok ha mange visuelt fine scener frå nordmørskysten, i tillegg til å vise det brennande engasjementet til dei involverte.

Seniorfilmklubben

Seniorfilmklubben, som er open for alle frå 16 år, viser ein skikkeleg klassikar og ein norsk film dei komande to vekene. 

NINJABABY Onsdag 18. oktober

NINJABABY. Foto: Arthaus

Onsdag 18. oktober klokka 12:00 står den norske filmen NINJABABY på programmet. Den handlar om Rakel, som trur at ho har vorte gravid med ein det luktar smør av. Lett og humoristisk om eit i utgangspunktet vanskeleg tema – og med ein fantastisk rolleprestasjon av Kristine Kujaht Thorp.

FRIHETENS REGN onsdag 25. oktober

Onsdag 25. oktober klokka 12:00 viser dei filmen FRIHETENS REGN. Filmen blir rekna som den beste gjennom tidene på den største nettsida for film (imdb.com), om ein da skal tru dei tre millionane som har vurdert den. Og det bør ein. FRIHETENS REGN handlar om Andy som hamnar, heilt urettvist, i fengsel – og som prøvar å finne ut korleis han kan kome fri frå det.

Full oversikt over filmar og tider finn du på surnadal-kulturhus.no.

 

 

Publisert: 17. oktober 2023, 06:47