Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Bygg Reis Deg 2023 – mange på byggvaremesse

Jon Olav Ørsal Fredag 20. oktober 2023

Denne veka pågår Noregs største byggvaremesse – Bygg Reis Deg 2023 i Nova Spektrum på Lillestrøm.  Her er nærast heile byggebransjen samla, med 380 utstillarar og 30-40.000 besøkande i løpet av messa som pågår i perioden 18. – 21. oktober.  Messa er opa for både profesjonelle og private, og Talgø er sjølvsagt ein av utstillarane.

Bygg Reis Deg er ein viktig arena for lansering, salg og merkevarebygging, og i løpet av messeperioden er det båd konferansar og seminar i tillegg til utstillingar og kundekontakt.  Talgø har ein stor delegasjon som deltek på messa, både med tanke på kundekontat og med bygging av sjølve messestanden.  

Bildeglimt frå Talgø sin stand rett før opninga på onsdag – foto Bjørn Sæterbø

Publisert: 20. oktober 2023, 08:48