Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Dammen Opp: Perset turen opp lia

Jon Olav Ørsal Sundag 1. oktober 2023

Det var full trøkk heilt frå starten ved Forsamlingshuset og opp lia til inntaksdammen for Nordvik Kraft i føremiddag da Trollheimen Fjellsportklubb aarrangerte årets «Dammen Opp». Trur jammen alle deltakarane fekk betre tid i år enn dei hadde på fjorårets utgåve av Dammen Opp.  Det var jamnt i toppen – Håvard Gjeldnes og Isak Drøpping kjempa om å kome først til toppen, og den kampen var ikkje avgjort før dei to var i mål.  Håvard på bestetid 14,54 og Isak vart 1 sekund etter med tida 14,55.  

Starten i racerklassen – kampen stod etter kvart mellom Isak Drøpping (113) og Håvard Gjeldnes (116). Foto Jon Olav Ørsal

Håvard forbedra tida si med 2 sekund frå i fjor, medan Isak fekk 1 minutt og to sekund betre tid i år, enn han gjorde i fjor da han gjekk i mål på 15,57.   på tredje og fjerdeplassen kom Halvor Drøpping og Emil Ansnes – som begge kom inn på betre tid enn i fjor.  Halvor forbedra tida med 53 sekund medan Emil forbedra med 15 sekund.  

I dameklassen var det Lisabet Sæterbø som trekte det lengste strået, og kom i mål på 18,36 – det er 4 sekund betre tid en i fjorårets konkurranse.  Lisabet kom i mål på 1 minutt og 20 sekund betre tid enn nr 2 i dameklassen Elise Einum som fekk tida 19,56.  I trimklassen kom far og son Vikan, Ivar og Magnar i mål på same tid –  23,52.  Elles var det 7 trimmarar som fullførte løpet utan tidtaking. 

Starta i trimklassen – Jorid, Marit Ingeborg, Elea, Berit og Marit. Foto Hege Røe

Resultatliste frå dagens «Dammen Opp 2023»

Vi kjem etter kvart med eit bildegalleri frå «Dammen Opp 2023»  

Publisert: 1. oktober 2023, 13:24