Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Svorka med varmepumpe-kampanje ut oktober

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 10. oktober 2023

Vinteren står unekteleg for døra, og Svorka melder i ei pressemelding at dei no kan tilby nye varmepumpemodellar, som vil vere eit godt og økonomisk suplement til oppvarminga. 

Å investere i ei ny varmepumpe er både energisparande og miljøvennleg, samtidig som den sørger for ein jamn og behageleg temperatur. Å endre varmekjelde, kan utgjøre ein stor forskjell på strømregninga di, heiter det mellom anna i pressemeldinga frå Svorka. 

Eit møbel i heimen

–Den var stor, klumpete og ikke spesielt estetisk pen å se på. – Man gjorde nesten alt for å stue den unna. – Nå er det ingen grunn til at varmepumpa ikke kan få hedersplassen i stua lenger, seier Olaf Karlstrøm, sals- og kundebehandler i Svorka.

Svorka har i mange år seld varmepumper frå Toshiba, og no kan dei tilby toppmodell frå Toshiba i ny og oppsiktsvekkande elegant design. Med nyheita Ask 25 er du sikra høg varmeeffekt og med bunnsolid kvalitet. Med sitt særs elegante uttrykk, reine liner i heiltre og nordiske preg, er den ikkje lengre berre ei kjelde til varme, men også blitt eit smykke av eit møbel. Den er full av smarte funksjonar, straumspareval, samtidig som den taklar sprengkulde ned til -30 grader C.

Lønnsom investering

Å ha ein jemn grunnvarme i huset gjev ein ekstra god start på dagen, veka og helga. Kanskje har ein allereie teke fram ulltøflane, varmeteppet og ullgenseren. Varmepumpe gjev ein heilt eksepsjonell grunnvarme som ingen vedovn kan overgå, fortel Olaf.

Sals- og kundebehandlar Olaf Karlstrøm i Svorka. Foto: Svorka

I tillegg til å gi en behagelig innetemperatur gir den ett sunnere og renere inneklima og er en økonomisk og lønnsom investering da den bruker mindre energi enn den avgir i form av varme, legg han til.

Bestilling av varmepumpe kan enkelt gjerast på Svorka sine heimesider eller du kan ringe kundeservice på telefon 979 12 222.

Dersom du nyttar bestillingsskjemaet på Svorka sine heimesider går du enkelt og greit gjennom stega som tek for seg stort eller lite hus, godt eller dårleg isolert. Her får du også god oversikt over kostnader, og du kan velge tillegg som til dømes varmepumpehus. Svorka har varmepumper til alle typar bolig.

Er du i tenkeboksen eller har allerede bestemt deg for varmepumpe bør du nok være raskt ute dersom du ønsker å få den installert til jul, seier Olaf. – Her er det førstemann til mølla prinsippet. Vi etterstreber å kunne levere så raskt som det er mulig, men ved høy etterspørsel kan man påberegne noe tid, avsluttar han.

Er du straumkunde hos Svorka, får du no 1.000,- kroner i rabatt på varmepumpebestillinga di fram til 31. oktober. Som straumkunde kan du også delbetale varmepumpa over straumfakturaen i 5 år.

 


Medlem i Todalen.no –


 

Publisert: 10. oktober 2023, 15:54