Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Asfaltering igang – ferdig i løpet av dagen

Jon Olav Ørsal Måndag 9. oktober 2023

Måndag morgon starta Veidekke asfaltarbeidet rundt omkring i bygda.  Asfaltarbeidet var planlagt før helga, men mykje nedbør og snøbyger i lufta gjorde at arbeidet måtte utsetjast til måndag.  Måndag føremiddag starta arbeidet med asfaltering frå Hjellabrekka til Øyabrua –  vidare kjem det til å gå slag i slag til alt er ferdig.  Det er eit asfaltlag frå Veidekke som utfører arbeidet og transport av asfalten skjer frå Kristiansund i regi av Surnadal Transport. 

Sandra Staven frå Åndalsnes styrte bredda på asfaltleggaren. Sandra var einaste kvinna på laget, men trivdes godt med jobben som asfaltleggar. Foto Jon Olav Ørsal

Førebuingane til asfalteringa var gjort i førre veke, og det er berre 6-7 punkt med reparasjonsarbeid som blir utført denne gongen – tilsaman rundt 3800 m2.  I tillegg er det asfaltarbeid mellom Ranes kyrkje og Åshaugen på Eidet – her blir det nok asfaltarbeid gjennom heile veka. Du må rekne med at asfaltarbeidet hemmar trafikken litt, og det er lurt å ha eit kvarter ekstra tid, dersom du skal nå ferga eller du har doktortime på gang.  

Passa på trafikken. Torbjørn Vorpenes og Marcus Bjørsvik styrte trafikkavviklinga – Surnadal Transport organiserte transporten av asfalt frå kristiansund – her med bil fra Flatsetøy Maskin. Foto Jon Olav Ørsal

Torbjørn Vorpenes og Marcus Bjørsvik var trafikkvakter ved Øyabrua. Foto Jon Olav Ørsal

 

 

Publisert: 9. oktober 2023, 10:10