Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Surnadal kino – variert filmtilbod i haustferien

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 10. oktober 2023

Denne veka er det som kjent haustferie, og på Surnadal kino har dei sett opp eit variert kinotilbod, som også inkluderer filmframsyningar på dagtid. Og her er det noko både for store og små!

SULIS 1907

SULIS 1907. Foto: SF Studios

Premierehelga er unnagjort for den norske storfilmen SULIS 1907 som tek for seg hendingane i Sulitjelma den vinteren. Sulis var ein stat i staten, der gruveselskapet eigde dei som var der med nærast hud og hår. Dei hadde eige politi, eigen landhandel og eigne tolkingar om kva som var akseptabelt arbeidsmiljø. «Western under nordlyset», skriv VG og ramla på ein firar på terningen, slik som dei fleste andre også har gjort. SULIS 1907 vil bli vist både på dag- og kveldstid framover, og første gong i dag, tysdag 10. oktober klokka 13:00 og klokka 19:30.

ALLE HATER JOHAN på Seniorfilmklubbben onsdag

 

I morgon, onsdag 11. oktober klokka 12:00 byr Seniorflimklubben på eit møte med Johan. ALLE HATER JOHAN er eit sorgmunter møte med Johan Grande frå Titran. Historia om Johan vekte stor glede (og kanskje litt vedmod) da den gjekk på kino. Men det var ikkje alle som fekk den med seg, og andre har ytra ønske om å sjå den på nytt. 

PAW PATROL

PAW PATROL. Foto: Paramount Pictures

PAW PATROL har samla eit par hundre så langt, og dei har ikkje brukt opp alle superkreftene sine enno! Filmen blir vist på Surnadal kino onsdag 11. oktober klokka 18:00 og torsdag 12. oktober klokka 13:00. 

TROLLS TROMMER SAMMEN

TROLLS TROMMER SAMMEN. Foto: DreamWorks Animation

TROLLS TROMMER SAMMEN sitt publikum frå fredag 13. oktober klokka 13:00. Her blir det full musikk når dei må frigjera ein av sine eigne etter at han vart kidnappa av popstjerneskurkar. Ein kan få oppstopparhår av langt mindre, og her får alle det!

Billetter til alle filmane, med unntak av Seiniorfilmklubben, kjøper ein her

Publisert: 10. oktober 2023, 07:54