Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for august, 2023

Vi fann 99 artiklar i dette arkivet.


Ny sesong med ball på Todalshytta

Jon Olav Ørsal Måndag 28. august 2023

Tysdag 29. august er det ny balldag på Todalshytta – som tidlegare er det fritt val mellom sildball med stekt flesk og potetball med saltkjøtt som tilbehør.   Serveringa startar frå kl 15:00 og går heilt fram til kl 20:00.  Bestill gjerne på epost arve@todalshytta.no eller på SMS/telefon 929 97 550.  


Fin aktivitetsdag på Bordholmen

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 27. august 2023

I dag hadde Todalen Idrettslag invitert til aktivitetsdag, og sjølv om vêrmeldingane ikkje var dei aller beste for, så vart vêret og oppmøtet på arrangementet ganske bra. Tretti ungar og ungdommar var med på lagseriestemnet, der det var lengde med og utan tilløp, kast av liten ball, sprang 60 meter og 400 meter. 


Agrisjå 2023 – stor interesse for lokale produkt

Jon Olav Ørsal Sundag 27. august 2023

Denne helga – det vil seie frå fredag til og med søndag har det vore stor landbruksmesse i Stjørdal – næarare bestemt på Lånke. Det er Agrisjå som er arrangert av og for landbruket, og her har det vore vist produkt og ustyr, samtidig som landbruket har fått presentert seg sjølv.  Her deltok det lokale firma som har produkt og tenester å by på for landbruket:  Talgø Bygg i Todalen, Talgø Agrobygg i Bindal og Surnadal Håndverk – samlig er god nøgd med responsen, og har knytta mange nye bekjentskaper som dei skal jobbe vidare med.


Fotballkamp på Bordholmen tysdag

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 27. august 2023

Tysdag 29. august spelar Søya/Todalen sitt G 11-lag heimekamp på Bordholmen stadion klokka 18:00. Da kjem Surnadal G 11 på besøk, så da er det duka for eit skikkeleg lokaloppgjer! Båe lag har fleire todalingar på laget. 



Nok ein vellykka Søyacup

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 26. august 2023

Den etter kvart så tradisjonsrike Søyacupen vart arrangert på Søyabanen i dag, og IL Søya kan notere nok ein vellykka cup i si historiebok. 69 lag spela 103 kampar, og rundt 400 ivrige fotballspelarar fekk ein fin fotballdag, der dei fekk med seg både gode fotballminne og premie heimatt. 


SJFF – hausting i pakt med naturen

Jon Olav Ørsal Laurdag 26. august 2023

Vi har lyst til å vise fram kva vi held på med, og sjølvsagt vil vi prøve å få med oss fleire.  – Det er Turid Sættem Eggen som fortel at Surnadal jeger og fiskeforening (SJFF) driv med mange forskjellige aktivitetar, og denne laurdagen har dei aktivitetsdag i Svartvassområdet for å vise seg fram i meir unbant strøk enn dei valevis held på med sine aktivitetar.  


Lokale politikarar les dikt på biblioteket

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 26. august 2023

Ville du likt at ein lokal politikar las dikt medan du åt lunsjen din? Vel, da kan Surnadal bibliotek vere plassen onsdag 30. august klokka 12:00. Da kjem nemleg representantar frå sju parti og les dikt på biblioteket i lunsjen din. . 


Inviterer til aktivitetsdag med lagseriestemne og mykje anna

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 26. august 2023

Søndag 27. august frå klokka 12:00 og litt utover ettermiddagen, inviterer Todalen Idrettslag alle i Todalen og Stangvik skulekrins til ein variert aktivitetsdag med mange aktivitetar på Bordholmen stadion. I tillegg til alle aktivitetane blir det open kiosk med sal av bakels med graut, pølser med brød, kaffe, brus, is og sjokolade. Det blir også eit dagslotteri med fine gevinstar! 


Bli med Fjellgruppa til Snøfjellet i Kvenndalen

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 26. august 2023

Tirsdag 29. august inviterer Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag til fjelltur til Snøfjellet i Kvenndalen. Oppmøte på parkeringsplassen nedanfor Øye kyrkje klokka 10:00 for samkøyring til Kvendbøen og bomvegen oppe i Kvenndalen.


Årnesdagen 2023

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 25. august 2023

Turgruppa i Gamle Stangvik, i samarbeid med Stangvik Historielag, inviterer laurdag 2. september klokka 11:00 til den tradisjonelle «Årnesdagen».


Filmmaraton på Frivilligsentralen

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 25. august 2023

Fredag 1. september klokka 20:00 til laurdag 2. september klokka 10:00, inviterer Surnadal Frivilligsentral og Surnadal ungdomsklubb alle på ungdomstrinnet, altså dei som går i 8, 9 og 10-årstrinn på ungdomsskulen, til gratis filmmaraton i lokala til Frivilligsentralen og ungdomsklubben.