Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fin aktivitetsdag på Bordholmen

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 27. august 2023

I dag hadde Todalen Idrettslag invitert til aktivitetsdag, og sjølv om vêrmeldingane ikkje var dei aller beste for, så vart vêret og oppmøtet på arrangementet ganske bra. Tretti ungar og ungdommar var med på lagseriestemnet, der det var lengde med og utan tilløp, kast av liten ball, sprang 60 meter og 400 meter. 

Einar Grønnes og Jan Foss frå NAF Indre Nordmøre hadde laga hinderløype for sykkel. Foto: Endre Talgø

Etter lagseriestemnet var det gratis pølser med brød til alle deltakarane. 

Trygve Aleksander gjer eit langt hopp i lengde. Foto: Endre Talgø

Einar Grønnes og Jan Foss frå NAF Indre Nordmøre hadde rigga seg til med hinderløype for sykkel. Her var det mange som prøvde seg i løpet av aktivitetsdagen. Alle som var med fekk ein kjempefin bag/sekk med refleksvest, matboks, refleks og meir til, frå NAF.

Alle som deltok i sykling, fekk ein fin sekk med innhald frå NAF. Foto: B G Ansnes

Aktivitetsrommet i reiskapshuset vart offisielt opna i dag, og mange var innom for å sjå på rommet, og for å spele litt bordtennis. Trøbilane kom også etter kvart ut, og var eit populært innslag. 

Folk kosa seg med under aktivitetsdagen. Foto: B G Ansnes

Det var også open kiosk på aktivitetsdagen, med sal av bakels med graut, kaffe, brus, sjokolade og is. I tillegg var det dagslotteri, med sytten fine gevinstar. Salet, både i kiosken og loddsalet, var bra.

Elinor Bolme hadde laga spesialdesigna graut til aktivitetsdagen! foto: B G Ansnes

Gledeleg å sjå at såpass mange tok turen på aktivitetsdag, sjølv om vêret kunne ha vore betre, seier leiar i Todalen Idrettslag, Elinor Bolme. Eg er kjempeglad for at mange frå Nordvik, Kvanne og Surnadal også tok turen og vart med oss på aktivitetsdagen, legg ho til. 

Publisert: 27. august 2023, 17:30