Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Inviterer til aktivitetsdag med lagseriestemne og mykje anna

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 26. august 2023

Søndag 27. august frå klokka 12:00 og litt utover ettermiddagen, inviterer Todalen Idrettslag alle i Todalen og Stangvik skulekrins til ein variert aktivitetsdag med mange aktivitetar på Bordholmen stadion. I tillegg til alle aktivitetane blir det open kiosk med sal av bakels med graut, pølser med brød, kaffe, brus, is og sjokolade. Det blir også eit dagslotteri med fine gevinstar! 

Lagseriestemne:

Det blir lagseriestemne med lengde med og utan tilløp, kast av liten ball, 60-meter og 400-meter. 

Ferdigheitssykling i regi av NAF avd. Indre Nordmøre:

Ferdigheitssykling. Foto: NAF Indre Nordmøre

Einar Grønnes frå NAF avd. Indre Nordmøre kjem og lagar løype for ferdigheitsykling, etter same konsept som «Sikker på sykkel» som NAF arrangerer for femteklassingane kvart år. Så ta med sykkel og bli med!

Offisiell opning av aktivitetsrommet:

Maria H. Hagerupsen har laga puter til det nye aktivitetsrommet. Foto: B G Ansnes

Det blir offisiell opning av det nye aktivitetsrommet i reiskapshuset på Bordholmen. Rommet er no ferdig innreia og utstyret er på plass og klart til bruk. 

Andre aktivitetar:

Det blir også høve til å spele fotball, fotballgolf, discgolf og bordtennis.

Open kiosk:

Det blir open kiosk med sal av bakels med graut, pølser med brød, kaffe, brus, is og sjokolade. Så da er det berre å komme innom og ta føremiddagskaffen i sosialt lag på Bordholmen denne søndagen. 

Dagslotteri: 

Det blir dagslotteri med fine gevinstar. Sal av lodd berre på sjølve arrangementet. 

 

Todalen Idrettslag ønsker alle velkommen til ein triveleg aktivitetsdag på Bordholmen stadion!

 


Medlem i Todalen.no –


 

 

Publisert: 26. august 2023, 06:48