Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nok ein vellykka Søyacup

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 26. august 2023

Den etter kvart så tradisjonsrike Søyacupen vart arrangert på Søyabanen i dag, og IL Søya kan notere nok ein vellykka cup i si historiebok. 69 lag spela 103 kampar, og rundt 400 ivrige fotballspelarar fekk ein fin fotballdag, der dei fekk med seg både gode fotballminne og premie heimatt. 

Surnadal G 11 – Søya G11. Foto: B G Ansnes

Vêrgudane spela også på lag med arrangøren, både med fint spelevêr og god temperatur. Fotballen rulla i gang allereie klokka 09:30 og vart avslutta rett før klokka 17:00 no i ettermiddag. 

Elnesvågen – Sunndal. Foto: B G Ansnes

I tillegg til fotballen, så var det fotballykkehujul med premiering og presisjonsskyting med fotball på poengveggen, også her med premiering for høgaste poengsum. 

Surnadal – Kristiansund BK. Foto: B G Ansnes

Det vart spela 3-er fotball for klassen 6 og 7 år, 5-er fotball for 8, 9 og 10 åringane, medan 11 og 12 åringane spela 7-er fotball. Det vart spela fotball på 7 banar, der speaker Magne Hansen, som vanleg, hadde full kontroll på både tida og dei fleste resultata på alle banane. 

Søya J11 – Tingvoll J11. Foto: B G Ansnes

Det var sal av kioskvarer, grilla pøser og hamburger og frukt. 

Speaker Magne Hansen er fast inventar på Søyacupen, og hadde som vanleg full kontroll på både klokka og resultata. Foto: B G Ansnes

Det såg ut til at alle, både spelarar og publikum storkosa seg på årets utgåve av Søyacupen. 

Ein godt nøgd leiar i IL Søya si Fotballgruppe, Leif Magne Andersen, kan konstatere at også årets Søyacup vart ein suksess. Foto: B G Ansnes

Leiar i IL Søya si Fotballgruppe, Leif Magne Andersen, var etter cupen strålande nøgd men gjennomføringa av arrangementet. – Eg vil takke alle dei frivillige som stiller opp år etter år og gjer dette arrangementet muleg, seier han. – Eg vil også takke alle tilreisande lag med støtteapparat for at dei kom på Søyacupen!, legg han til. 

Alle spelarane som var med fekk premie, her representert med eit lag frå Rindal. Foto: B G Ansnes

Da er nok ein Søyacup vel i hamn, og vi kan gratulere IL Søya med nok ein godt gjennomført og på alle måtar vellykka cup! 

Publisert: 26. august 2023, 16:00