Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Lokale politikarar les dikt på biblioteket

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 26. august 2023

Ville du likt at ein lokal politikar las dikt medan du åt lunsjen din? Vel, da kan Surnadal bibliotek vere plassen onsdag 30. august klokka 12:00. Da kjem nemleg representantar frå sju parti og les dikt på biblioteket i lunsjen din. . 

Til veka er det Nasjonale bibliotekdagar. Bibliotekdagane set fokus på lesing og leseglede, og Surnadal bibliotek markerer dette med tre arrangement.  

I det første, onsdag 30. august klokka 12:00, er alle sju partia som stiller liste ved valet i Surnadal konnome inviterte til å lese eigne utvalde dikt – og alle sju stiller med ein diktlesar kvar! Sporty gjort! 

Biblioteket inviterer difor til poetisk lunsj med sju lokale politikarar. Eventuell matpakke må ein ta med sjølv, men biblioteket vil bidra med ein kaffe- eller tekopp til den som møter. 

Torsdag 31. august klokka 10:00 vil biblioteket invitere til lesestund for dei mellom fire og sju år. For å ha kontroll på «innsiget», må ein kontakte biblioteket på førehand og melde seg på. Dette er såleis mest aktuelt for barnehage- eller småskulegrupper. Påmelding til biblioteket på nett eller telefon 476 80 797.  

Fredag 1. september klokka 13:00 blir det litterært pusterom, og altså på dagtid denne gongen. Bli med og del leseopplevinga i ei mindre gruppe med ein leiar som les ein tekst og eit dikt. Påmelding til biblioteket på nett eller telefon 476 80 797.  

Først publisert: 26. august 2023, 07:00 - Sist oppdatert: 25. august 2023, 20:28