Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for august, 2023

Vi fann 99 artiklar i dette arkivet.


Finale for fastnettet til telefonen

Jon Olav Ørsal Onsdag 16. august 2023

Det er mange år sia dei siste elektroniske signala vart sent gjennom fastnettet til det ein gong var Televerket.  Framtida er trådløs, og i dag er det berre trådløse tenester som har overlevd.  No er det på tide å demontere alle kablar og pålar som har vore i teneste på hundrevis av år.  Denne veka starta Trondheimsfirmaet BN Entreprenør med demontering av kablar og telefonpåla. Det er Tor Edvin Vik og Stig Sandblåst som har fått denne jobben for BN Entreprenør. 


Fjellgruppa tok turen til Ranessetra

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 16. august 2023

I går gjekk Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag sin fjelltur til Ranessetra. Det vart ein overlag fin tur for Fjellgruppa på den såkalla «trekantturen» til Ranessetra, seier rapporten frå turen.


Høgre kjem på Todalsvisitt

Jon Olav Ørsal Tysdag 15. august 2023

Valkampen er i full gang, og vi kan mesta dagleg lesa om politiske parti som i tur og orden har stand utafor butikkane rund om i kommunen.  Denne gomgen er det Høgre som kjem til Todalen for å ha stand utafor Matkroken i Todalen.  Det skjer torsdag 17. augus frå kl 16:00 og utover.


Matter og mangt anna

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 15. august 2023

Laurdag 19. august og søndag 20. august, frå klokka 12:00 – 16:00, inviterer Kristin Skrøvset Mogstad og Dordi Kjersti Mogstad til salsutstilling på låven i Austistua på Mogstad i Surnadal. 


Stavgangtur til Leikaren

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 15. august 2023

Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag inviterer til stavgangtur til Laikaren torsdag 17. august klokka 11:00. Oppmøte og parkering på Mogstad. 


Aktivitetsrommet bortimot klart til bruk

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 15. august 2023

I går kveld var det innflyttardugnad i det nye aktivitetsrommet i reiskapshuset på Bordholmen. Astrid Longva Kvendset frå Surnadal Håndverk har vore rådgjevar og inspirator for målararbeidet, og Happy Homes Surnadal har sponsa måling og målarutstyr til det nye aktivitetsrommet. 



Kårvatn Skyrun 2023 – blir ein drømmedag i fjellet

Jon Olav Ørsal Måndag 14. august 2023

Dette blir ein drømmedag i fjellet, seier Gudmund Kårvatn, og viser til vêrvarselet på yr.no for komande helg.  Da blir nemleg Kårvatn Skyrun arrangert for 5. gong, og meteorologane lover både finvêr og skikkeleg sommartemperatur for komande laurdag.  I år er det fleire nye klassar, og Gudmund oppfordrar folk som har lyst på ein fin fjelltur til å melde seg på familieklassen som er 4 km.  Her går turen opp Dalalia og oppå brona – og nedatt igjen


Lomtjønna månadens bilete i juli

Guro Redalen Måndag 14. august 2023

Det var bilete til Lise Myrbostad, Lomtjønna, som fekk flest røyster i prestisjekåringa av månadens bilete for juli. Vi gratulerer! 


OBS! OBS! Gudstenesta i Svinviks arboret er flytta til Todalen kyrkje

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 14. august 2023

På grunn av nedbør, har Todalen Sokneråd flytta den planlagde gudstenesta i Svinviks arboret i dag til Todalen kyrkje klokka 11:00. Liturg denne søndagen er, som tidlegare annonsert, biskop i Møre bispedømme, Ingeborg Midttømme, medan Bernt Bøe er organist.


Innflyttingsdugnad i aktivitetsrommet

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 13. august 2023

I morgon, måndag 14. august klokka 18:00 inviterer styret i Todalen Idrettslag til innflyttingsdugnad i det nye ungdomsrommet i reiskapshuset på Bordholmen, som no er klart til innflytting.


Pirater i Bordholmskogen?

Jon Olav Ørsal Sundag 13. august 2023

Nei, det er ingen fare!  Sjølv om piratflagget heng oppe ved Holmatrøa i Bordholmskogen, så er det ingen fare på ferde.  Det er berre Siri Lund og sambuar Francesc Perez Baldo som har Holmatrøa som har vore her på Todalsferie.  Siri har aner frå Todalen – nærare bestemt frå Oddøya.