Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Aktivitetsrommet bortimot klart til bruk

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 15. august 2023

I går kveld var det innflyttardugnad i det nye aktivitetsrommet i reiskapshuset på Bordholmen. Astrid Longva Kvendset frå Surnadal Håndverk har vore rådgjevar og inspirator for målararbeidet, og Happy Homes Surnadal har sponsa måling og målarutstyr til det nye aktivitetsrommet. 

Turid vaskar bordtennis-bordet. Foto: B G Ansnes

Maria H. Hagerupsen har sydd puter, som ho i går kveld kom og plasserte i den nye hjørnebenken Henrik Kvande-Talgø har bygd. 

Etter vasking var det klart for første offisielle bordtennis-kamp i aktivitetsrommet, mellom Turid og Lars. Foto: B G Ansnes

Eit av idrettslaget sine bordtennis-bord, som til no har stått i skulen, vart henta og sett inn i det nyoppussa rommet. 

Maria monterer dei nye putene på hjørnebenken. Foto: B G Ansnes

Det vart på dugnaden også grunna tre stolar og ein benk. Desse vil i løpet av veka bli ferdigmåla og bli sett på plass i aktivitetsrommet.  

Jens Sancho og Elinor målar ein av benkane, som i mange år stod i ungdomshuset. Foto: B G Ansnes

Todalen Idrettslag tek sikte på å markere offisiell opning av det nye aktivitetsrommet siste søndagen på august. Meir om dette kjem når programmet er klart! 

Først publisert: 15. august 2023, 07:15 - Sist oppdatert: 26. august 2023, 13:20