Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for august, 2023

Vi fann 99 artiklar i dette arkivet.


Endeleg program klart

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 9. august 2023

Laurdag 12. august er det klart for Surnadal open. I samband med dette vil Surnadal kunstforening stå for Popup-utstilling i 1. etasje og «Mine Nordmørsminner» ved Odd Ingar Skrøvseth i 2. etasje på Surnadal Billag.


Fjellgruppa med styggvêrstur til Nistusetra Mogstad

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 8. august 2023

I dag hadde Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag ein våt tur Nistusetra Mogstad. – Eg må sei at Hans rønt tolmodet mitt i dag, seier Kristian Ranes i Fjellgruppa.  Forresten var ikkje styggveret så drykt den tia dem ha dråkanamn, – liksom litt gauar alt med seg, legg han til.


Påminning: Kåring av månadens bilete i juli

Guro Redalen Tysdag 8. august 2023

Sola skein både tidleg og seint i juli, skal ein tru kandidatane til månadens bilete i juli. Det er per no jamt i røystinga, så det er berre å klikke seg inn og avgi din stemme!


Midnattsoltrappa vart ein suksess

Jon Olav Ørsal Tysdag 8. august 2023

For ein månads tid sia – nærare bestemt 8. juli vart Midnattsoltrappa i Lavangen opna for publikum.  Etter tre år med planlegging og jobbing var troppa klar til bruk først i juli iår.  Troppa er bygd av tre, er ein meter brei og har rekkverk.  Det gjer at troppa er lett og trygg å gå i, og gir eit begrensa naturinngrep.   Talgø Møretre har vore leverandør av materialer til troppa, som sjølvsagt er bygd av MøreRoyal-behandla materialer. 


Lite føling med ekstremvêret «Hans»

Jon Olav Ørsal Tysdag 8. august 2023

Det var nok mange som var spent på kva som kom til å skje på «verfronten» utover kvelden og natta i går.  Det var meldt ekstremvêr på orange nivå for distriktet her, men vi har nok så langt sluppet unna det verste regnvêret.  Som meldt er det Østlandet som har fått det meste, og «Hans» har nok feid over landet lenger sør enn kva som var meldt frå YR.NO.


Bli med stavgangarane til Ranessetra

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 8. august 2023

Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag inviterer til stavgang torsdag 10. august klokka 11:00. Da går turen til Ranessetra. – Det blir samkøyring frå bommen i Modalane, så møt opp der 11:00, seier Svein Tjelle i Stavganggruppa. 


Ope bakeriutsal hos Lia gard fredag

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 7. august 2023

Fredag 11. august, mellom klokka 12:00 – 16:00,  inviterer Lia gard til ope bakeriutsal. Så da blir det mogleg å sikre seg både grovbakst og noko til kaffekosen til helga. Har du problem med å rekke innom i opningstida, er det berre å ta kontakt med Lia gard for å avtale henting av varer. 


Fullt hus på kaffeslabberas oppi Skulstuå

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 7. august 2023

I går inviterte Venner av Skulsuå i Todalen til kaffeslabberas i Skulstuå. Vi har fått ei ein rapport frå Venner av Skultuå i Todalen, som du kan lese nedanfor. Den fortel om eit vellykka arrangement med mykje folk.  


Ekstremvêret Hans er på veg – er du førebudd?

Jon Olav Ørsal Sundag 6. august 2023

I alle media informeres det om ekstremvêret «hans» er på veg over Sør-Noreg.  Det er ekstreme mengder med regn som er venta og det er stor fare både for flaum og jord/steinras. For Surnadal kommune er det orange ekstremfare.


Svinviks arboret – ein nydeleg plass

Dordi Jorunn Halle Sundag 6. august 2023

Ane Thingstad har arbeidd i kaffeen i arboretet i sommar, og synest ho har hatt den beste sommarjobben som tenkjast kan.


Medaljehaust i i VM i Gran Sasso – oppdatert

Jon Olav Ørsal Sundag 6. august 2023

Aron Rodal Haugen kom i mål på nest beste tid under VM i Skyrun i Gran Sasso i Italia.  Litt av ein prestasjon etter 13,9 km i den i den krevjande løypa og med 27 deltakarar i klasse A, som er yngste klasse.  Søndag er siste VM-dag i Gran Sasso, og Erik Kårvatn som er den andre VM-deltakaren frå Trollheimen Fjellsportklubb deltek i klasse C, og han kom på ein 12.-plass i den 21,6 km lange løypa i hans klasse.


Deltek på VM i Italia

Jon Olav Ørsal Laurdag 5. august 2023

Saman med det norske landslaget er Aron Rodal og Erik Kårvatn på plass for å delta i VM i Skyrunning. VM arrangerast i Gran Sasso i Italia i perioden 4.-6. august, og her er det deltakarar frå 31 land.