Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Lite føling med ekstremvêret «Hans»

Jon Olav Ørsal Tysdag 8. august 2023

Det var nok mange som var spent på kva som kom til å skje på «verfronten» utover kvelden og natta i går.  Det var meldt ekstremvêr på orange nivå for distriktet her, men vi har nok så langt sluppet unna det verste regnvêret.  Som meldt er det Østlandet som har fått det meste, og «Hans» har nok feid over landet lenger sør enn kva som var meldt frå YR.NO.

Bilde frå Brusetbrua og oppover mot Ramsøydalan og Fosstrøinn i dag tidleg – foto Jon Olav Ørsal

Vi tok ein runde for å sjekke vassføringa i elvane, og har bilde frå Storfossen og frå Brusetbua som viser at det nok er stor vassføring, men Toåa har på langt nær ikkje nådd flaumnivå.  Vassføringa var på topp i 2-tida, med godt og vel 40 m3/sek – vi må nok opp i det dobbelte for å kalle det flaum.  Det er lite nedbør no i føremiddag, så vi kan kanskje  rekne med at det verste er unnagjort, og at vi slapp billeg denne gongen.  Men det kan nok «dra på» litt utover dagen, slik det ser ut på vêrmeldinga.  

 

 

 

Publisert: 8. august 2023, 11:05