Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fullt hus på kaffeslabberas oppi Skulstuå

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 7. august 2023

I går inviterte Venner av Skulsuå i Todalen til kaffeslabberas i Skulstuå. Vi har fått ei ein rapport og bilete frå Venner av Skultuå i Todalen, som du kan lese nedanfor. Den fortel om eit vellykka arrangement med mykje folk.  

«Søndag var det igjen triveleg treff oppi Skulstuå. Ei god blanding av ferierande frå inn- og det store utland samt bygdafolk, var med å skapte god gammaldags basarsøg både inne og ute. Dei yngste sørga for full aktivitet i leikekroken, på kortspelrommet og i ballbingen. 

Todalen Meieri var og tilstades og hadde utsal av yoghurt og ferskostkuler. 

Kaffeslabberas er ein fin treffplass for folk i alle aldrar, og ein 60-tals personar var innom og støtta opp om arrangementet. Med så god oppslutning ser vi at det er behov for ein slik uformell møtestad i bygda både for å treffa kjentfolk, men og for å stifta nye bekjentskap.  

Venner av Skulstuå lovar fleire kaffeslabberas utover hausten!»

Publisert: 7. august 2023, 06:59