Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Matter og mangt anna

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 15. august 2023

Laurdag 19. august og søndag 20. august, frå klokka 12:00 – 16:00, inviterer Kristin Skrøvset Mogstad og Dordi Kjersti Mogstad til salsutstilling på låven i Austistua på Mogstad i Surnadal. 

Her blir det sal av nyvevde fargerike matter, fint bruka norsk porselen og fajanse, diverse kuriosa og mangt anna rimeleg kan dei to damene fortelje.

Det blir kaffekrok, slik at ein kan slå av ein prat i triveleg selskap.

Parkering ved nordsida av Korsen bru. Derifrå er det rundt 70 meter å gå opp gardsvegen til skilta adresse, som er Nordsida 694. Alternativ parkering ved Korsen grendehus. Om nokon trent køyre heilt fram, kan dei ringe 908 95 152 eller 930 43 010, så ordnar det seg!

Kristin og Dordi Kjersti ønsker alle velkommen til handel, prat og triveleg lag!

Publisert: 15. august 2023, 12:28