Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fjellgruppa tok turen til Ranessetra

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 16. august 2023

I går gjekk Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag sin fjelltur til Ranessetra. Det vart ein overlag fin tur for Fjellgruppa på den såkalla «trekantturen» til Ranessetra, seier rapporten frå turen.

Start frå Skeisnebba perkeringsplass. Foto: Anne V. Einum

– Veret vart over all forventning, med delvis sol og behageleg varmt, alså betre enn vermeldinga tilsa!, kan Anne V. Einum u Fjellgruppa fortelje. 

Tørrskodd over Salen. Foto: Anne V. Einum

– Vi, i alt 24 pensjonistar i god turmodus, starta opp frå Skeisnebba parkeringsplass, legg ho til. 

Ned mot Gammelsetra. Foto: Anne V. Einum

Trekantturen gjekk først opp mot og over Salen, og ned att mot gapahuken, der Gammalsetra ein gong stod. 

Utsikt mot øberbøgda. Foto: Anne V. Einum

– Så flott utsyn over bøgda, fjorden og Hjelmen på turen over Salen og frå gapahuken!, seier Einum. 

Ranessetra med kufjøs, seterskjel og sauefjøs. Foto: Anne V. Einum

Det vart ein liten kvil ved gapahuken før turen gjekk vidare om Midtsetra, langs bekken og Ranessetervatnet til Ranessetra. 

Matpause på seterstølen. Foto: Anne V. Einum

Den gamle restaurerte steinsetra med seterskjel, kufjøs, som er 16 meter langt, og saufjøs ligg så naturleg og vakkert til ved Ranessetervatnet. 

Sti prega av mange tråkk. Foto: Anne V. Einum

Setra vart bygd i 1878. Den siste seterdrifta vart avslutta her i 1935.

Vidt utsyn mot bøgda frå Salen. Foto: Anne V. Einum

– På setra venta Tor Asle Ranes oss, med nykoka kaffi. Han hadde tatt snarvegen og tent opp både på åren i på seterskjelet og i utepeisen., fortel ho vidare.  

Nærmar oss gapahuken, Gammelsetra. Foto: Anne V. Einum

– I det fine veret inntok vi matpakke og kaffi ute på seterstølen. Vi storkosa oss i lag ei god stund før vi tok fatt på heimturen, fortsett ho.

Nyter kvil med utsikt ved gapahuken. Foto: Anne V. Einum

– Så positivt at stadig nye folk sluttar seg til fjellgruppa! Fleire er hjarteleg velkomne! Og hugs, vi er ein triveleg gjeng!, avsluttar Anne V. Einum i Fjellgruppa. 

På heimtur frå Ranessetra. Foto: Anne V. Einum

Publisert: 16. august 2023, 11:37