Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kløvertur på Talgøyleigmålet med guide og servering av graut og bakels

Dordi Jorunn Halle Sundag 27. august 2023

Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 28. august. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!

Kløverturen er invitert av Kjell Gunnar Polden til å bli med å gå etter «nyrestaurerte» stigar på Talgøyleigmålet. Kjell Gunnar stiller som guide. Han seier at etter mykje regn i det siste, er det lurt å ha støvlar, fjellsko eller kraftige joggesko.

Turen startar roleg i terreng og passar for alle, men så kan det bli ein avstikkar der det er litt meir motbakke. Viss ein ikkje ønsker å bli med på denne tursløyfa, er det berre å gå tilbake til garden der Karen Johanne ventar, og ein kan sette seg under tak.

Det blir samkjøring frå Matkroken oppover til Talgø og parkering ved redskapshuset på nedsida av vegen.

Alle er velkomne til å bli med både på tur og kaffelag!

 

Publisert: 27. august 2023, 09:24