Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Agrisjå 2023 – stor interesse for lokale produkt

Jon Olav Ørsal Sundag 27. august 2023

Denne helga – det vil seie frå fredag til og med søndag har det vore stor landbruksmesse i Stjørdal – næarare bestemt på Lånke. Det er Agrisjå som er arrangert av og for landbruket, og her har det vore vist produkt og ustyr, samtidig som landbruket har fått presentert seg sjølv.  Her deltok det lokale firma som har produkt og tenester å by på for landbruket:  Talgø Bygg i Todalen, Talgø Agrobygg i Bindal og Surnadal Håndverk – samlig er god nøgd med responsen, og har knytta mange nye bekjentskaper som dei skal jobbe vidare med.

Talgø Agrobygg i Bindal og Talgø Bygg i Todalen hadde felles stand på Agrisjå 2023 på Lånke i Stjørdal. Foto Bjørn Sæterbø.

Dette er kanskje den viktigast messe for presentasjon av produkt og tenester i heile Midt-Noreg.  Nærare 30.000 besøkande har vore innom messa dei 3 dagane den har pågått.  Talgø Bygg og Talgø Agrobygg har hatt spesiell fokus på landbruksbygg, fjøs og reiskapshus og har stor marknadandel på slike bygg i heile Nord-Noreg.  Dette er bygg som er basert på element som er produsert på Talgø Bygg sin elementfabrikk i Todalen. 

Surnadal Håndverk var også på plass for å presentere sitt firma og sine produkter. Surnadal Håndverk er spesialist på bl.a. legging av epoxybelegg. Frå venstre Johannes Torvik Aasen og Astrid Longva Kvendset. I tillegg var Tony Sæterbø med på messa for Surnadal Håndverk. Foto Bjørn Sæterbø

 Surnadal Håndverk kan også berette om skikkeleg god respons.  Astrid Longva Kvendset fortel at dette er den første messa som Surnadal Håndverk deltek på, og ho innrømmer at dei var skikkeleg spente på responsen da dei dro hit.  – Vi er kjempenøgde med responsen, og tykkjer vi har fått presentert oss skikkeleg her, dei tre dagane messa har vore open. Vi har epoxybelegg som spesiale, og har knytta mange nye kontaktar og gjort avtalar som vi tek med oss heim.   

Agrisjå 2023 rundar av søndag kveld, og dermed er Midt-Norges største landbruksmesse over for i år. 

Publisert: 27. august 2023, 16:50