Vi har lyst til å vise fram kva vi held på med, og sjølvsagt vil vi prøve å få med oss fleire. – Det er Turid Sættem Eggen som fortel at Surnadal jeger og fiskeforening (SJFF) driv med mange forskjellige aktivitetar, og denne laurdagen har dei aktivitetsdag i Svartvassområdet for å vise seg fram i meir unbant strøk enn dei valevis held på med sine aktivitetar.
Turid Sættem Eggen er leiar i SJFF, og under aktivitetsdagen har SJFF mobilisert spesielt for å kome i kontakt med barn og ungdom som har lyst til å bli med og hauste frå naturen – SJFF har i års starta med «jakt og fiskeskule», og det ser ut til å bli ein suksess. Her får deltakarane lære kvar maten kjem frå, og får lære seg å ha respekt for naturen og kva vi kan hauste av. Slik øæring er det behov for og vi er glade for at vi er komne i gang med eit opplegg, seier Turid.

Godt med viltgrill – Nils Harald Kvande saman med borna Olai og Alma prøva seg med mat på grillen. Foto Jon Olav Ørsal
Når vi kjem i kontakt med ungdomane så viser det seg at det er mange som har lyst til å prøve seg på jakt og fiske, men som er usikre på korleis dei kan kome med og kvar dei skal ta kontakt for å få bli med. Derfor er det viktig at SJFF kan legge til rette slik at dei som har lyst kan få jakte og fiske. -Vi har god tru på jakt- og fiskeskulen skal stimulere fleire til å bli med oss, seier Eggen.

Kast og vinn – Frivilligsentralen var med på opplegget i Svartvassområdet – her prøver Sissel Halset Storslett treffsikkerheita. Foto Jon Olav Ørsal

Det er mykje du kan hauste frå naturen her viser turid tako med hjortekjøtt. Her er det brukt kjøtt frå fjorårets hjortjaktkurs i Snekvika. Rett og slett godt! Foto Jon Olav Ørsal