Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for februar, 2022

Vi fann 91 artiklar i dette arkivet.


Stor festdag for småe alpinistar i Sæterlia

Jon Olav Ørsal Tysdag 15. februar 2022

For den yngre garde var nok laurdag og søndag litt av ein festdag. Med Surnadal IL som arrangør var det rundt 80 alpinister av den yngre garde som sette kvarandre i stemne.


Todalen barnehage

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 15. februar 2022

Framtida til Todalen barnehage, som vart midlertidig stengt hausten 2021, har dei siste dagane vore oppe til politisk behandling i fleire kommunale organ. Til slutt var saka oppe til behandling og endeleg vedtak i kommunestyret. som hadde sitt møte 10. februar. Kommunestyret vedtok med 19 mot 8 røyster å opne barnehagen i Todalen att, dersom det vart nok søknadar, tilsvarande 10 plassar, der barn under 3 år tel 2 plassar.


«Barn i løypa» i morgon

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 14. februar 2022

Tysdag 15. februar, frå klokka 17:30, inviterer Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag til «Barn i løypa» i lysløypa på Tjønnmyra. Barne- og ungdomsgruppa oppfordrar til å ta med ski og å vere med å gå på ski den tida «Barn i løypa» går føre seg. 


Sesongstart i godver

Dordi Jorunn Halle Måndag 14. februar 2022

Måndag, godver og kløvertur– fin start på veka! Sola var litt gøymt bak eit tynt skylag, men ho vermde og gav ei aning av vårstemning.


Tysdag er balldag

Jon Olav Ørsal Måndag 14. februar 2022

Trioen på Todalshytta held ballgryta varm kvar tysdag framover – fritt val om du vil ha sildball eller potetball med godt tilbehør.  Fint om du bestiller på førehand på telefon eller SMS til  929 97 550.  Servering frå kl 15:00 og utover til 18.30 meldes det frå Todalshytta.    


Stor tømmerdrift i Halanesset

Jon Olav Ørsal Måndag 14. februar 2022

Dei siste par åra har det pågått oppgradering av vegen frå Brusetbrua, innover Ramsøydalan vidare til Halanesset og Romåbrua.  No er vegprosjektet på det næraste ferdigstilt, og dermed er det klart for skogsdrift både i Romålia og innafor Romåa. 


Plutselig var det der…

Jon Olav Ørsal Måndag 14. februar 2022

Plutselig var rådyret på vegen framfor deg –  heldigvis var farten liten og kameraet skyteklart i passasjersetet.  Rådyret hadde bestemt seg for å gå over vegen på Heggjeskaret, såvidt innafor grensa til Halagrenda.  Et kjapt bilete gjennom frontruta, og berre så som så med fotolys og fokusering.


Vinterferieutsal hos Lia gard

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 14. februar 2022

Fredag 18. februar, mellom klokka 12.00 – 17.00, inviterer Lia gard til ope vinterferieutsal (ope bakeriutsal). Hyllene vil bli fylt opp med både ferske kaffebrød og grovbakst som det kan vere kjekt å ha til vinterferien.  


Finale for EM-gjengen i denne omgang

Jon Olav Ørsal Sundag 13. februar 2022

Søndag er siste dagen for årets Randonee-EM Vall de Boi i Spania.  Siste dagen er det stafett som står på programmet, og juniorane starta kl 9.30,


Kløvertur utover Stranda, blir du med?

Dordi Jorunn Halle Sundag 13. februar 2022

Todalen sanitetsforening melder at det måndag 14. februar blir kløvertur, den første i 2022. Oppmøte ved Matkroken/Hals og start derifrå kl. 11:00.


Omtrent «normal» kvardag frå i dag

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 12. februar 2022

I dag kom det beskjed frå regjeringa om at dei fleste smitteverntiltaka blir oppheva, så no blir det ein enda meir «normalisert» kvardag, der mellom anne både meteren og munnbind forsvinn. Her er endringane som gjeld frå i dag klokka 10:00. 


Randonee EM: Erik leverte i laurdagens individuelle konkurranse

Jon Olav Ørsal Laurdag 12. februar 2022

Laurdag var det individuell som stod på programmet i Randonee-EM som dei siste dagane har gått føre seg i fjelllandsbyen  Vall de Boi,  som ligg i Catalonia i Spania. Det norske landslaget, der Erik Kårvatn er med, har fått måle kreftene med dei aller beste i Europa og har god grunn til å være stolte av resultata dei har oppnådd desse dagane.  I dag var det som sagt individuell som stod på programmet, og i all enkelheit går det ut på kome til toppen så snart som muleg og så sette utfor og kome først i mål.