Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Finale for EM-gjengen i denne omgang

Jon Olav Ørsal Sundag 13. februar 2022

 Søndag er siste dagen for årets Randonee-EM Vall de Boi i Spania.  Siste dagen er det stafett som står på programmet, og juniorane starta kl 9.30 

Erik i farta med ski på sekk – foto: Gudmund Kårvatn.

I juniorklassen var det 13 lag som starta, og det spesiell for denne stafetten var at kvart lag bestod av 1 jente og 1 gut – og begge gikk 2 etappar.  Ein artig kombinasjon, der det sjølvsagt var sterke kandidatar frå tidlegare konkurransar som var para saman til sterke lag.  Og da var det nok inga bombe at det var det sveitsiske laget med Caroline Ulrich/Robin Bussard som gikk av med seieren. 

For Norge stilte juniorane Ida Wadal/Trym Dalset Lødøen, og Malin Indergård/Erik Kårvatn.   Wadal/Lødøen endte opp på ein 7.-plaa på tida 37.32 medan Indergård/Kårvatn endte på 11.-plass på tida 40,33.  Vinnartida for Ulrich/Bussard var 34,40.   Slett ikke verst, og eit resultat det absolutt står respekt av.  

fra arenaområdet – stat og målgang

Som ein sluttkommentar skriv Gudmund Kårvatn om ungdomane på det norske landslaget: 

Dei Norske presterte veldig bra her i selskap med eit veldig høgt Europeisk nivå. Både Malin og Ida hører til i u18 klassa, så i selskap med dei råaste jentene er dette respektabelt!
Er ei utfordring å ha både fokus og krefter att heilt på tampen av eit meisterskap. Men her heldt dei godt inn til mål, alle saman. Og ikkje minst ei stor erfaring rikare mot VM neste år!
Dei var og med å skreiv historie da dette var første gongen det vart gjennomført stafett etter det nye olympiske formatet – kanskje vi får sjå dei i løypene i Cortina i 2026?

Publisert: 13. februar 2022, 11:28