Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sesongstart i godver

Dordi Jorunn Halle Måndag 14. februar 2022

Måndag, godver og kløvertur – fin start på veka! Sola var litt gøymt bak eit tynt skylag, men ho vermde og gav ei aning av vårstemning.

I tråd med tradisjonen starta kløvertursesongen 2022 med roleg tur langs fjorden utover Stranda. Litt skummelt underlag da vegen enkelte stader var isete. Men alle kom utan uhell tilbake til Matkroken der det vart triveleg pause i Kaffekroken.

Dette er sjette sesongen at Todalen sanitetsforening arrangerer kløverturar som er eit lågterskeltilbod; her er frisk luft, sosialt samvær og mosjon i fokus.

Det blir ny kløvertur neste måndag. Alle er velkomne til å delta!

Kjekt å vere fleire i lag på tur. Kari, Sigrun, Åse, Jorunn, Anne Helene, Arndis og Marit. Foto: Dordi J H

Litt isete, men stort sett greitt å gå. Stor biltrafikk. Foto: Dordi J H

Publisert: 14. februar 2022, 14:23