Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Randonee EM: Erik leverte i laurdagens individuelle konkurranse

Jon Olav Ørsal Laurdag 12. februar 2022

Laurdag var det individuell som stod på programmet i Randonee-EM som dei siste dagane har gått føre seg i fjelllandsbyen  Vall de Boi,  som ligg i Catalonia i Spania. Det norske landslaget, der Erik Kårvatn er med, har fått måle kreftene med dei aller beste i Europa og har god grunn til å være stolte av resultata dei har oppnådd desse dagane.  I dag var det som sagt individuell som stod på programmet, og i all enkelheit går det ut på kome til toppen så snart som muleg og så sette utfor og kome først i mål. 

Naturleg vis er vi mest interessert i klasse Menn 20, der Erik Kårvatn er deltakar.  I dag var det 31 som stod på startlista i denne klassen og Erik kom i mål på 16.-plass, noko han sjølvsagt er godt nøgd med, og som viser at han er i stabil god form, sjøl etter 3 veker med deltaking på internasjonalt nivå. I same klasse deltek også kompisen Trym Dalset Lødøen, og han hadde 3. beste tid da han passerte på toppen, men han måtte bryte før han kom i mål. 

Erik tykte det var tungt i starten, men etter kvart fikk han opp farten. Foto Gudmund Kårvatn

På telefon frå Vall de Boi fortel Erik at han opplevde at det var litt tungt og tregt i starten i dag, men etter kvart så lausna det og han fekk opp farten.  Da han passerte på toppen hadde han den 18. beste tida og køyrte altså inn to plassar på turen ned.  Erik er godt nøgd med dagens resultat.  

No er det ein dag som staår att i den sspanske fjellheimen.  Det er stafettkonkurransen, der det er teke ut to lag i Eriks klasse. Erik har godt håp om å bli teken ut, og får da delta saman med ei jente, og dei får gå to etappar kvar.  

Erik klatrar i motbakkane i den spanske fjellheimen. Foto: Martina Valmassoi

Elles så gler Erik seg på ei frihelg neste helg, før det brakar laus med Norgescup på heimebane i Dalali på Kårvatn.  Der er det kome mykje snø den siste veka og det lover godt for arrangementet for Kårvatn skimo som går 26.-27. februar i regi av Trollheimen Fjellsportklubb.  

På veg mot toppen – kompisen Trym Dalset Lødøen passerte toppen på 3.-plass, men måtte desverre bryte løpet før målgangen. Foto Gudmund Kårvatn

I Dameklassen 18 kopierte Ida Waldal bedrifta frå torsdag, og gikk heilt til topps i klassen på tida 5o,20, medan Malin Indergård kom på 6.plass på tida 56:33,5 og Elise Hjelset Andersen på 11.-plass 1.06:24,4.  Sterk innsats frå dei unge damene altså.  

Ida gikk til topps – her på «seierspallen» og premieutdelinga. Foto Gudmund Kårvatn

Publisert: 12. februar 2022, 14:50