Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Plutselig var det der…

Jon Olav Ørsal Måndag 14. februar 2022

Plutselig var rådyret på vegen framfor deg –  heldigvis var farten liten og kameraet skyteklart i passasjersetet.  Rådyret hadde bestemt seg for å gå over vegen på Heggjeskaret, såvidt innafor grensa til Halagrenda.  Et kjapt bilete gjennom frontruta, og berre så som så med fotolys og fokusering.

neste kom hakk i hel, og hadde det litt mer travelt. Foto Jon Olav Ørsal

Og hakk i hel kom neste rådyr – det også skulle over vegen.  Så stod dei der da, nokre sekund, og lurte på kva slags kar det var som stoppa for å fotografere?  Så fortsette dei i retning Steinarstua og hagan deira. Det var nok eit eller anna vintergrønt som frista der.

Kva slags kar er du? Foto Jon Olav Ørsal

Uansett er det lurt å være litt forsiktig når du ferdes med bil rundt bygda.  Det er mykje hjort og rådyr som ferdes over vegen og langs vegen, og som finn lettvint mat på ekrene rundt bygda der det er lite snø. 

Publisert: 14. februar 2022, 08:59