Stor festdag for småe alpinistar i Sæterlia
For den yngre garde var nok laurdag og søndag litt av ein festdag. Med Surnadal IL som arrangør var det rundt 80 alpinister av den yngre garde som sette kvarandre i stemne.
Vi fann 91 artiklar i dette arkivet.
For den yngre garde var nok laurdag og søndag litt av ein festdag. Med Surnadal IL som arrangør var det rundt 80 alpinister av den yngre garde som sette kvarandre i stemne.
Framtida til Todalen barnehage, som vart midlertidig stengt hausten 2021, har dei siste dagane vore oppe til politisk behandling i fleire kommunale organ. Til slutt var saka oppe til behandling og endeleg vedtak i kommunestyret. som hadde sitt møte 10. februar. Kommunestyret vedtok med 19 mot 8 røyster å opne barnehagen i Todalen att, dersom det vart nok søknadar, tilsvarande 10 plassar, der barn under 3 år tel 2 plassar.
Tysdag 15. februar, frå klokka 17:30, inviterer Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag til «Barn i løypa» i lysløypa på Tjønnmyra. Barne- og ungdomsgruppa oppfordrar til å ta med ski og å vere med å gå på ski den tida «Barn i løypa» går føre seg.
Måndag, godver og kløvertur– fin start på veka! Sola var litt gøymt bak eit tynt skylag, men ho vermde og gav ei aning av vårstemning.
Trioen på Todalshytta held ballgryta varm kvar tysdag framover – fritt val om du vil ha sildball eller potetball med godt tilbehør. Fint om du bestiller på førehand på telefon eller SMS til 929 97 550. Servering frå kl 15:00 og utover til 18.30 meldes det frå Todalshytta.
Dei siste par åra har det pågått oppgradering av vegen frå Brusetbrua, innover Ramsøydalan vidare til Halanesset og Romåbrua. No er vegprosjektet på det næraste ferdigstilt, og dermed er det klart for skogsdrift både i Romålia og innafor Romåa.
Plutselig var rådyret på vegen framfor deg – heldigvis var farten liten og kameraet skyteklart i passasjersetet. Rådyret hadde bestemt seg for å gå over vegen på Heggjeskaret, såvidt innafor grensa til Halagrenda. Et kjapt bilete gjennom frontruta, og berre så som så med fotolys og fokusering.
Fredag 18. februar, mellom klokka 12.00 – 17.00, inviterer Lia gard til ope vinterferieutsal (ope bakeriutsal). Hyllene vil bli fylt opp med både ferske kaffebrød og grovbakst som det kan vere kjekt å ha til vinterferien.
Søndag er siste dagen for årets Randonee-EM Vall de Boi i Spania. Siste dagen er det stafett som står på programmet, og juniorane starta kl 9.30,
Todalen sanitetsforening melder at det måndag 14. februar blir kløvertur, den første i 2022. Oppmøte ved Matkroken/Hals og start derifrå kl. 11:00.
I dag kom det beskjed frå regjeringa om at dei fleste smitteverntiltaka blir oppheva, så no blir det ein enda meir «normalisert» kvardag, der mellom anne både meteren og munnbind forsvinn. Her er endringane som gjeld frå i dag klokka 10:00.
Laurdag var det individuell som stod på programmet i Randonee-EM som dei siste dagane har gått føre seg i fjelllandsbyen Vall de Boi, som ligg i Catalonia i Spania. Det norske landslaget, der Erik Kårvatn er med, har fått måle kreftene med dei aller beste i Europa og har god grunn til å være stolte av resultata dei har oppnådd desse dagane. I dag var det som sagt individuell som stod på programmet, og i all enkelheit går det ut på kome til toppen så snart som muleg og så sette utfor og kome først i mål.