Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for november, 2021

Vi fann 80 artiklar i dette arkivet.


«Bøy og tøy» med Pensjonistlaget

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 30. november 2021

Surnadal Pensjonistlag inviterer torsdag 2. desember klokka 11:00, til ny «Bøy og tøy» i Meierisalen på Landbrukshuset. Det er fysioterapeut Oda som rettleier på torsdagens «Bøy og tøy». Det gjer godt med litt bøying og tøying no før jul. Dersom nokon kvier seg på den bratte troppa opp, så kan dei ta inngangen lenger vest og ta heisen opp. Derifrå er det ein grei korridor til Meierisalen.


Avlyser «fellesmiddagen» onsdag

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 29. november 2021

Grunna smittesituasjonen, i samband med pågåande koronautbrot i Surnadal kommune, melder Kyrkja i Surnadal at den planlagte «fellesmiddagen» på Kyrkjelydshuset i Surnadal onsdag 1. desember, dessverre må avlysast. Dette er eit førebyggjande tiltak og i tråd med gjeldande råd frå lokale helsemyndigheiter. 


Sjøis heilt til Mulneset

Jon Olav Ørsal Måndag 29. november 2021

Kulda kom brått på, og vi har opplevd temperaturar opp i 15-16 kuldegrader på Kvennset dei siste dagane.  Når det kjem såpass sterk kulde etter at vi har hatt ein lengre nedbørsperiode vil det ofte bli sjøis som eit resultat.  Det har vi opplevd dei siste dagane, og sjøisen ligg heilt utover mot Kvannefjorden – eller rettare sagt jamnt med Mulneset.


Tre nye bekrefta smitta

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 29. november 2021

I ei pressemelding no i ettermiddag, opplyser kommuneoverlege Bjørn Buan at det er tre nye som er bekrefta smitta og to nye positive hurtigtester. – Det er eit visst smittetrykk i kommunen for tida, seier kommuneoverlege Bjørn Buan. 


Oppdatert smittestatus søndag ettermiddag

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 28. november 2021

I ei pressemelding, no seint i ettermiddag, oppdaterer kommuneoverlege Bjørn Buan oss om smittestatusen i Surnadal kommune. To nye bekrefta smittetilfelle og fem uavklarte positive hurtigtestar.


Trekningsliste «Julegatelotteriet»

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 28. november 2021

I kveld var det trekning i Todalen Grendalag sitt «Julegatelotteri». Totalt 14 gevinstar fekk etter kvart ein heldig vinnar. Det vart seld 215 lodd i årets «Julegatelotteri» Todalen Grendalag takkar alle som har kjøpt lodd i årets «Julegatelotteri» for støtta. Todalen Grendalag takkar og det lokale næringslivet som har bidrege med gevinstar. 


Flott julegate på Kvennset

Jon Olav Ørsal Sundag 28. november 2021

Todalen Grendalag står som initiativtakar og arrangør av den flotte julegata på Kvennset i samarbeid med Talgø og Matkroken Todalen som også er med på lyssettinga.  Det var mange som trossa dei 15 kuldegradane og møtte opp for å være med på tenninga av julegata som skjedde søndag kveld – presis kl 18. 


Tente julepålen – serverte varm gløgg i kulda

Jon Olav Ørsal Sundag 28. november 2021

I helga har det nok vorte lys i mange julegraner rundt omkring i distriktet.  Her i bygda er det første arrangementet ferdig medan det neste ventar sinare mot kveld.  I Bekkerhagen bustadfelt har dei eigen julepåle som det etter kvart har vorte tradisjon å tenne lysa på.


Skeiseisen på Bordholmen klar til bruk

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 28. november 2021

Medlemmer av Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag, har dei siste dagane nytta kaldvêret til å lage skeiseis på Bordholmen. Todalen Idrettslag har bestilt nye ishockeyvant, men desse er ikkje på plass enda, så foreløpig er det berre skeiseis utan ishockeyvant. 


Stor interesse for Tussmørkre som opna laurdag

Jon Olav Ørsal Laurdag 27. november 2021

Utstillinga «Tussmørkre» som opna lørdag ettermiddag er den siste utstillinga som Surnadal kunstforening arrangerer i jubileumsåret. Her er det til saman 10 utstillarar som stiller 41 bilder og 3 skulpturar.  Det var Mette Sæter Ormset som opna utstillinga og bandet Alex Trio kasta glans over arrangementet med musikalske innslag.


Start 4H selde kornband

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 27. november 2021

I dag hadde medlemmer frå Start 4H rigga seg til med salsstand utanfor Matkroken Todalen, der dei selde kornband. Sal av kornband har, etter kvart, blitt ein tradisjon i Start 4H, og noko dei har gjort i mange år no. Gradestokken viste fleire blå grader, så det var ei klar påminning om at småfuglane treng litt ekstra godsaker no når det går mot full vinter og mørketid.


Dyrare straum – årsrekord så langt laurdag

Jon Olav Ørsal Laurdag 27. november 2021

Vi har i haust opplevd at straumen har vore dyrare i Sør-Noreg enn i Midt-Noreg – faktisk 5-6 gonger så dyr.  Sist fredag var det også straumsjokk her i Midt-Noreg – med prisar på same nivå som Sør-Noreg – faktisk ti gonger så dyr som førre laurdag.