Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Start 4H selde kornband

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 27. november 2021

I dag hadde medlemmer frå Start 4H rigga seg til med salsstand utanfor Matkroken Todalen, der dei selde kornband. Sal av kornband har, etter kvart, blitt ein tradisjon i Start 4H, og noko dei har gjort i mange år no. Gradestokken viste fleire blå grader, så det var ei klar påminning om at småfuglane treng litt ekstra godsaker no når det går mot full vinter og mørketid.

Vaktskifte. Sivert Sogge, Jakob og Lisa Ranes og Fredrik Sogge. Foto: Ragna Kvendset

I fjor selde dei ut alle kornbanda på eit par timar, så i år hadde dei ordna med litt fleire kornband, og det viste seg at det var det behov for, for da salsgjengen avslutta klokka 14:00, var det berre nokre få kornband att. Så dersom du ønskjer å kjøpe kornband, men ikkje fekk gjort det i dag, kan du ta kontakt med Ragna på telefon 4, 80 00 144 eller Line på telefon 412 15 760, så ordnar det seg!

Åse V. Redalen har akkurat sikra seg eit kornband av Jakob og Lisa Ranes. Foto: Ragna Kvendset

Medlemmene var delt opp i tre «salsteam» som hadde ei vakt på ein time kvar. Første ute var Fredrik og Sivert Sogge, før Lisa og Jakob Ranes overtok, medan Selma S. Gjeldnes og Maria K. Bergli avslutta det heile. 

Jon Olav Roaldset nytta høvet til å sikre seg godbitar til småfuglane. Foto: Ragna Kvendset

Start 4H takkar alle som kjøpte kornband for handelen, og Matkroken Todalen for at dei fekk ha salsstand utanfor butikken i dag!

Maria K. Bergli og Selma S. Gjeldnes tok siste vakta. Foto: Ragna Kvendset

Lisa, og dei andre i Start 4H, takkar Matkroken Todalen for at dei fekk ha salsstand utanfor butikken i dag, og til alle som kjøpte kornband av dei! Foto: Ragna Kvendset


Medlem i Todalen.no –


 

Publisert: 27. november 2021, 16:16