Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Avlyser «fellesmiddagen» onsdag

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 29. november 2021

Grunna smittesituasjonen, i samband med pågåande koronautbrot i Surnadal kommune, melder Kyrkja i Surnadal at den planlagte «fellesmiddagen» på Kyrkjelydshuset i Surnadal onsdag 1. desember, dessverre må avlysast. Dette er eit førebyggjande tiltak og i tråd med gjeldande råd frå lokale helsemyndigheiter. 

Kyrkja i Surnadal trur og håpar at 2022 blir eit betre år, med tanke på koronasituasjonen, slik at det blir lettare å kunne vere saman att, og dei ser fram til å kunne treffast att i det nye året. 

Kyrkja i Surnadal ønskjer alle ei velsigna førjulstid.


Medlem i Todalen.no  – 


 

 

Publisert: 29. november 2021, 22:12