Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Oppdatert smittestatus søndag ettermiddag

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 28. november 2021

I ei pressemelding, no seint i ettermiddag, oppdaterer kommuneoverlege Bjørn Buan oss om smittestatusen i Surnadal kommune. To nye bekrefta smittetilfelle og fem uavklarte positive hurtigtestar.

Ein familie har sist veke vore i karantene og testa seg med hurtigtestar etter smitteeksponering frå Trondheim. To av dei vaksne har i helga fått bekrefta positiv PCR. I tillegg ventar vi svar på PCR-testar av ytterlegare tre familiemedlemmar. Utover dette har vi ein uavklart positiv hurtigtest hos ei kvinne som har vore i Trondheim og ein uavklart positiv hurtigtest i ein familie som har vore på reise til Oslo. Vi må nok rekne med fleire positive prøvar framover, men det gode er at når folk er flinke til å teste og isloere seg, så greier vi å halde hjula i gang, samtidig som vi vaksinerar utsette grupper med oppfriskingsdose og fleire med dose 1 og 2. 

Når vi melder om smitteutvikling og smittevegar i kommunen, er det ikkje for å skape unødig uro, men for at folk skal vere informerte og kunne ta riktige val for seg og sine i ei tid kor vi lever med meir smitte i samfunnet. 

Pressemeldinga er underskriven av kommuneoverlege Bjørn Buan, og han avsluttar pressemeldinga slik: Vi står saman gjennom dette – takk for at du testar deg!

 


Medlem i Todalen.no –


 

Publisert: 28. november 2021, 21:00