Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sjøis heilt til Mulneset

Jon Olav Ørsal Måndag 29. november 2021

Kulda kom brått på, og vi har opplevd temperaturar opp i 15-16 kuldegrader på Kvennset dei siste dagane.  Når det kjem såpass sterk kulde etter at vi har hatt ein lengre nedbørsperiode vil det ofte bli sjøis som eit resultat.  Det har vi opplevd dei siste dagane, og sjøisen ligg heilt utover mot Kvannefjorden – eller rettare sagt jamnt med Mulneset.

Bak Stangvikfjord mot Drøppingstranda ser vi ein arm av isen strekkjer seg utover til Hals. Foto Jon Olav Ørsal

Det er ikkje ofte isen ligg slik, men det har vore vindstille i tillegg til jamn kulde og det har ført til at isen har fått eit godt grep.  Det er nok ikkje første gongen at isen ligg så langt utover, men det er heller sjeldan i våre dagar. 

Det har versert mange historier om sjøisen under 2. verdskrig, da isen låg langt utover og skapte problem for ferjetrafikken, men slike tilstander er det vel berre neppe vi får oppleve denne gongen. Vi har tatt nokre bilder som viser dagens forhold med sjøis utover til Mulneset

her ser vi ein arm av isen utover forbi Drøppingstranda. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 29. november 2021, 20:07