Siri Skjerve er ei, av i alt 45, kunstnarar som er plukka ut til å vere med på Årsutstillinga 2021 ved Sørlandets Kunstmuseum i Kristiansand no i haust. Utstillinga opnar laurdag 2. oktober klokka 14:00. Norske Kunsthåndverkeres Årsutstilling er den største årlege mønstringa av norsk samtidskunsthandverk. Årsutstillinga har open innsendingsrett og det er NKs nasjonale jury som plukkar ut verka som får vere med på utstillinga. Det var i år innsendt 898 verk frå 379 søkjarar, og Siri var ei av dei 45 som altså slapp gjennom nålauget, med kunstverket «Jakob Hunter».