Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Trua på brua- og eit døgnope Nordmøre – SuSu feira 8 år i kulturhuset.

Stig Husby Tysdag 28. september 2021

SuSu programmet, eit kommunalt oppgåvefellesskap for næringssamarbeid for Sunndal og Surnadal, markerte 8 års samarbeid i Storstua i kulturhuset i dag. Dei hadde snekra saman eit svært innhaldsrikt program for dagen, men mykje tilbakeblikk gjennom dei 8 åra, og ikkje minst innsalg frå lokalt næringsliv.

Tore og Kristina Svinvik holdt eit engasjerande innlegg, og var vel ikkje berre positiv til bruplaner og traseval. Foto: Stig Husby

SuSu-programmet har i løpet av dei 8 åra bidrege med midler til heile 121 prosjekt, pålydande 12,5 millionerkroner. Og dei inviterte bedriftene som hadde motteke støtte fortalte villig om dei prosjektene som let seg realisere grunna SuSu-midler. Todalsfjordprosjektet og ferjefri forbindelse over Todalsfjorden stod heilt sentralt i dag også. Og det var vel berre Svinvik Gard, med Tore og Kristina Svinvik, som stilte seg negative til planene om bru. Trasevalet gjer at vi ikkje har muligheit til å fortsetta drifta vår i Svinvika slik som i dag, fortalte Tore Svinvik. Han etterlyste andre løysingar for trasevalg, og håpte å bli høyrt på det.

Divisjonssjef Salg og marked i Talgø-konsernet, Bjørn Hauglann, fortalte om både tøffe tider med Royal-sak, men samtidig eit svært godt resultat i 2020. Foto: Stig Husby

Av lokale innslag frå scena var det Talgø-konsernet, med Bjørn Hauglann, som fortalte både om dei SuSu-midlane dei hadde fått, og ikkje minst om utfordrende tider med Royal-saka. Som opptek alle som jobber i Talgø-konsernet. No håper Bjørn på ei snarleg løysing, slik at planane for videre vekst og investeringar kan gjennomførast som planlagt. 

Kulturelle innslag var det også rom for i dag, og Henning Sommero framførte kjente songar, som Lauvfall. Som fekk rikt med applaus frå salen. Næringskonferansen til SuSu var for øvrig den første store samlinga i kulturhuset utan covid-restriksjoner. Det var jammen på tide!

Ole Magne Ansnes førte an i praten med administrasjonen i SuSu-programmet. Det hadde 8 år med mange gode opplevingar å sjå tilbake på. Foto: Stig Husby

Dagens konferansierar var ordførerane i Surnadal, Margrethe Svinvik og i Sunndal, Ståle Refstie. Foto Stig husby

Konferansen opna med eit vakkert musikalsk innsalg med Rune Dalager og Anne Lise With Wullum. Opningsnummeret vart «No e sola komma”. Svært godt gjennomført. Foto: Stig Husby

Kommuneoverlege Bjørn Buan hadde ikkje strengestemmen på i dag, og fortalte at regionen vår hadde kome seg svært greit gjennom pandemien så langt. Men vi har den beredskapen som trengs, fortalte han. Foto: Stig Husby

Først publisert: 28. september 2021, 18:00 - Sist oppdatert: 29. september 2021, 04:45