Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag vil tysdag 5. oktober klokka 13:00 feire at dei har hatt to fine sesongar med fjellturar. Difor inviterer Fjellgruppa alle som har vore med å gått tur, og alle som har tenkt å vere med å gå tur, til treff i gapahuken på Tjønnmyra (skistadion i Todalen ovanfor Gammelfabrikken).
Der blir det fyrt opp i grillen. Alle må ta med det dei vil eta og drikke. Pensjonistlaget spanderer grillkol.
Fjellgruppa ønskjer vel møtt til ei triveleg samling!