Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fjellgruppa sesongavslutta med tur til Bollen

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 29. september 2021

I går sesongavslutta Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag med tur til Bollen. Det var 24 spreke og opplagte «vandrarar» som var med på turen. Vêrgudane varta opp med strålande haustver og god temperatur, og moralen var sitt høgaste, så det vart ei kjempefin sesongavslutning for Fjellgruppa. 

– Alle kom opp, men fleire tykte det var ein stor og kronglut bolle, fortel Kristian Ranes.

Klar for avgang til Bollen. Foto: Svein Tjelle

– Rarare var det at oppteljinga på toppen viste at vi var 24, og vi som trudde at gjengen var over formeringsdyktig alder, fortsett han.

Fin tur for både to- og firbeinte. Foto: Svein Tjelle

– Veldig artig lell at så mange stiller opp! Sidan dette var siste turen i år, kom det forslag om at vi må møtast og feire oss sjølve, noko som fikk stor tilslutning, fortel han vidare.

Utsikt mot vest. Foto: Svein Tjelle

– Så plana er at vi møtest på Tjønnmyra neste tirsdag, der det blir grilling og trivsel på alle vis. Tilstelninga blir annonsert så snart det er klart, avsluttar Kristian. 

Publisert: 29. september 2021, 05:00